Deponeringslova – depl
Lov om deponering i gjeldshøve.
Innholdsfortegnelse
§ 1 1 Har nokon ei gjeld i pengar eller verdpapir, som han ikkje får oppfylla av ein grunn som ligg hjå kravshavaren, kann han fri seg med å deponera i Noregs bank2 i samhøve med reglane i denne lov.3
§ 2 Er det pengar skyldnaren skal svara, deponerar han på den måten at han set pengane inn på folio i banken.
§ 3 Når skyldnaren deponerar, skal han gjeva opp deponeringsgrunnen, kva gjeld det er og om råd er namnet på kravshavaren.
§ 5 Skyldnaren kann ikkje krevja att det som er deponera, utan i det tilfellet som er nemnt i §6, andre leden.
§ 6 Retten kravshavaren har til dei verde som er deponera, fell bort tjuge år etter deponeringsdagen.
§ 7 Serlege reglar i andre lover om høve for skyldnaren til å fri seg med deponering,1 held ved å gjelda.
§ 8 Føresegnene framanfor gjeld på tilsvarande måte når det vert betala utbyte, likvidasjonspart eller anna slikt i selskapshøve.
Same retten har skyldnaren om kravshavaren ikkje gjer det skyldnaren kann setja til vilkår for å betala, eller det er grunn til å vera i tvil om kven som er kravshavar og skyldnaren ikkje kann klandrast for denne uvissa.
1 Jfr. tvml. §84.
2 Sjå lov 24 mai 1985 nr. 28 §22.
3 Sjå §5 andre leden og §7.
Er ansvaret i verdpapir, deponerar han med å gjeva slike papir utan forsegling eller lås til banken til gøymings. Rente, avdrag og andre summar som forfell på slike papir, tek banken inn og fører på folio som deponera pengar etter denne lov. Gøymingsgebyret som banken fastset, tek han av dei pengane som soleis kjem inn, og elles skal det betalast av den som gjer krav på det som er deponera. Departementet1 kann gjeva reglar om kva banken elles skal gjera med verdpapira.
1 Finansdepartementet.
Blir det som er deponera, utreidt til urette mann, for di skyldnaren gav range eller ufullstendige opplysningar, blir han ikkje fri ansvaret sitt. Men kravshavaren kann ikkje krevja meir enn det tapet forsøminga valda.
Skyldnaren skal varsla kravshavaren om at han har deponera, so sant det er råd. Gjer han ikkje det, skal han svara tap dette fører med seg.
Når den som deponerar, tek atterhald om større rett til å krevja attende, går tilfellet ikkje inn under denne lov.
Innan eitt år etter kann den som deponera, krevja dei att.
Blir det ikkje reist noko slikt krav, går dei inn i statskassa.
1 Jfr. m.a. tvangsl. § §11-21 andre leden jfr. §11-36 andre leden og tredje leden, skjl. §53 andre leden, lover 22 april 1927 nr. 3 §88 andre leden, 14 mars 1930 §6 tredje leden, 27 mai 1932 nr. 2 §42, 29 mai 1953 nr. 1 §7, 4 feb 1960 nr. 1 §62 og nr. 2 §82, 21 des 1979 nr. 77 §90, kkl. §134, asl. §16-7 andre leden, asal. §16-7 andre leden, lov 26 mars 1999 nr. 17 §3-8.
0 Tilføyd ved lov 6 juli 1957 nr. 8.