Innholdsfortegnelse
§ 1 Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Når privat rettssubjekt gjer vedtak eller gjev føresegn på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, skal det i denne samanhangen reknast for slikt organ.1
§ 2 For statstenesta gjeld dei nærmare reglane i §3, §4, §5, §6, §7, §8, §9, §10, §11 om plikt til å nytte bokmål og nynorsk. Desse reglane gjeld likevel ikkje
§ 3 Der særlege grunnar talar for det, kan Kongen1 gjere unnatak heilt eller delvis for visse organ eller verksemder som fell inn under reglane i lova.
§ 4 Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta.
§ 5 Eit kommunestyre kan gjere vedtak om å krevje ei viss målform1 i skriv frå statsorgan til kommunen, eller gjere vedtak om at kommunen er språkleg nøytral. Tilsvarande vedtak kan fylkestinget gjere for fylkeskommunen.
§ 6 Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma1 som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkommande, står statsorganet fritt i val av målform. Frå statsorgan kan private rettssubjekt krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar o.l. som direkte gjeld dei sjølve.
§ 7 Dersom statsorgan vender seg under eitt til fleire kommunar i eit avgrensa område, skal fleirtalsmålforma1 for kommunane nyttast. Ligg det ikkje føre noka fleirtalsmålform, står organet fritt i val av målform.2
§ 8 Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene1 slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer. Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, skal vere i fleirtalsmålforma2 for området.
§ 9 Om nokon meiner at eit statsorgan ikkje følgjer lov eller føresegner om målbruk i saker som vedkjem dei sjølve, kan dei klage på dette til overordna organ. Språkorganisasjonar kan klage til overordna organ dersom dei meiner at statsorgan bryt lov eller føresegner om målbruk.
§ 10 Kongen skal minst kvart fjerde år leggje fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste.
§ 12 Denne lova tek til å gjelde frå den tid1 Kongen fastset. Frå same tid blir lov av 6. juni 1930 nr. 22 om målbruk i statstenesta oppheva.
Statsorgan som har eit geografisk avgrensa område som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, er i fleirtalsmålforma2 for området. I språkleg nøytrale område skal slikt tilfang veksle mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei.
Tilfang med særleg tilknyting til ein kommune, skal vere i den målforma kommunen har kravt etter §5.
Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer.
0 Endra med lov 11 mars 1988 nr. 12.
1 Sjå §1.
2 Sjå §7 andre leden.
3 Kultur- og kyrkjedepartementet, etter res. 5 des 1980 nr. 4938 med seinare endringar.