Innholdsfortegnelse
§ 1 Livssynssamfunn som ikkje krenkjer rett og sømd, kan krevje årleg tilskot frå rikskassen.1
§ 2 Tilskotet skal vere så stort at det etter måten svarar om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja og skal reknast ut etter kor mange som høyrer til samfunnet.1
§ 3 Alle livssynssamfunn som får rikstilskot, kan kvart år krevje tilsvarande tilskot frå kommunar der det bur nokon som høyrer til livssynssamfunnet. Dette tilskotet vert rekna ut med grunnlag i dei budsjetterte utlegga kommunen har til Den norske kyrkja.1
§ 4 Offentlege utlegg som gjeld alle, skal ikkje takast med når tilskotet vert utrekna etter §2 og §3.
§ 5 Tilskot kan berre krevjast for medlemmer som er norske riksborgarar1 eller som har bustad i riket, og som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja,2 eller eit anna samfunn som får tilskot etter lova her eller etter lov av 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna.
§ 7 Lova tar til å gjelde frå den tid Kongen fastset.1
Departementet3 kan gje føresegner om kor mange medlemmer eit samfunn må ha for å få tilskot, om føring av lister over medlemskap, og om attest frå advokat/revisor.
Departementet kan gjeva føresegner om plikt til å opplysa om fødselsnummer for kvar einskild medlem og organisasjonsnummer for livssynssamfunnet til bruk i saker om tilskot etter første ledd. Desse opplysningane kan jamførast med opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, andre trudoms- og livssynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja så langt dette er teneleg for å kontrollera at vilkåra for tilskot er oppfylde.
Lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå §2-2 gjeld ikkje for opplysningar som er gjevne etter føresegner med heimel i tredje leddet.
0 Endra med lov 19 mars 2004 nr. 14 (i kraft 19 mars 2004, etter res. 19 mars 2003 nr. 545.
1 Jfr. lover 8 des 1950 nr. 3 og 25 mai 1979 nr. 19.
2 Jfr. lov 7 juni 1996 nr. 31 §3.
3 Kultur- og kyrkjedepartementet.
1 Kultur- og kyrkjedepartementet, etter res. 19 des 1997 nr. 1316.