Pliktavleveringslova – avlvl
Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument. Jfr. tidlegare anordn. 25 april 1732 og 10 jan 1781, res. 21 feb. 1815, lover 15 juli 1839 §89, 20 juni 1882 og 9 juni 1939 nr. 2.
Innholdsfortegnelse
§ 1 Føremål
§ 2 Geografisk verkeområde
§ 3 Definisjonar
§ 4 Kva som skal avleverast
§ 5 Kven som skal avlevera m.m.
§ 6 Når den avleveringspliktige ikkje er handlefør
§ 7 Inndrege dokument1
§ 8 Tvangsfullføring
§ 9 Straff
§ 10 Ikraftsetjing
Føremålet med denne lova er å tryggja avleveringa av dokument1 med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verta bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
1 Sjå §3.
Kongen kan fastsetja at lova òg skal gjelda for Svalbard1 og den norske delen av kontinentalsokkelen.2
1 Sjå lov 17 juli 1925 nr. 11 §1 andre leden.
2 Sjå lov 21 juni 1963 nr. 12 §1 andre punktum.
I denne lova vert desse omgrepa nytta slik:
- Medium: noko som kan lagra informasjon.
- Dokument: eitt eller fleire like eksemplar av eit medium som lagrar informasjon for seinare lesing, lyding, framsyning eller overføring.1
- Utgjevar: den som for eiga rekning lagar eller får laga eit dokument for å gjera det tilgjengeleg for allmenta.
- Produsent: den som framstiller eksemplar av eit dokument for ein utgjevar.
- Importør: den som for eiga rekning tek inn i landet dokument utgjeve i utlandet, for å gjera det tilgjengeleg for allmenta i Noreg.
Eit dokument er gjort tilgjengeleg for allmenta2 når
- eksemplar av dokumentet vert bode fram for sal, utleige eller utlån, eller når dokumentet på annan måte vert spreidd utanfor ein privat krins,
- informasjonen i dokumentet vert gjord tilgjengeleg utanfor ein privat krins gjennom framføring, framsyning, kringkasting,3 direktekopling e.l.
1 Jfr. lov 19 juni 1970 nr. 69 §3 første leden andre punktum.
2 Sml. lov 12 mai 1961 nr. 2 §2 tredje leden og §8 første leden.
3 Sjå lov 4 des 1992 nr. 127.
Dokument1 som er gjort tilgjengeleg for allmenta1 skal2 avleverast slik:
- Dokument av papir eller papirliknande medium,1 mikroformer og fotografi3 i sju eksemplar.
- Lydfesting, film,4 videogram,4 edb-dokument og kombinasjonar av desse dokumenttypane i to eksemplar.
- Opptak av kringkastingsprogram5 i eitt eksemplar.
Dokument1 laga i utlandet skal berre avleverast dersom det er laga for norsk utgjevar1 eller særskilt tilpassa allmenta i Noreg.
Kongen6 kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta og gje særskilde føresegner7 om kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha og om kva opplysningar som skal følgja dokumentet.
1 Sjå §3.
2 Jfr. §9.
3 Jfr. lov 12 mai 1961 nr. 2 §1 andre leden nr. 6 og §43a.
4 Sml. lov 15 mai 1987 nr. 21 §1.
5 Jfr. lov 4 des 1992 nr. 127.
6 Kultur- og kirkedepartementet, etter res. 25 mai 1990 nr. 366.
7 Jfr. lov 10 feb 1967 §2 og kap. VII.
Avleveringsplikt kan påleggjast utgjevar,1 produsent1 og importør1 av dokument1 som vert gjort tilgjengeleg for allmenta,1 og dessutan den som i kraft av lov eller konsesjon har rett til å driva kringkasting.2
Dokument1 skal avleverast utan vederlag. Når avleveringseksemplara representerer ein svært stor kostnad for den avleveringspliktige, kan mottaksinstitusjonen etter søknad gje heil eller delvis refusjon for produksjonskostnadene.
Sending av dokument1 til mottaksinstitusjonen skal kostast av den avleveringspliktige.
Kongen3 fastset nærare reglar4 om kven som har avleveringsplikt, kvar avleveringspliktig dokument skal sendast, tidspunktet for innsending og korleis sendinga skal skje.
1 Sjå §3.
2 Jfr. lov 4 des 1992 nr. 127 §2-1.
3 Kultur- og kirkedepartementet, etter res. 25 mai 1990 nr. 366.
4 Jfr. lov 10 feb 1967 §2 og kap. VII.
Ved konkurs1 eller død skal buet oppfylla avleveringsplikta.
1 Sjå lov 8 juni 1984 nr. 58 (kkl.) kap. VIII flg.
Kongen2 kan påleggja påtalemakta3 å syta for avleveringa, dersom avleveringspliktig dokument1 vert inndrege.4
1 Sjå §3.
2 Kultur- og kirkedepartementet, etter res. 25 mai 1990 nr. 366.
3 Sjå strpl. kap. 6.
4 Sjå strl. §35 flg.
Avleveringskrav etter føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova er tvangsgrunnlag.1
1 Jfr. tvangsl. §13-2 første ledd jfr. §13-8.
Den som med vilje eller aktlaust handlar i strid med føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova, kan straffast med bøter.1
1 Jfr. strl. §27 og kap. 3 a.
Kongen fastset når denne lova skal ta til å gjelda. - - -
0 Fra 1 juli 1990 iflg. res. 25 mai 1990 nr. 366.