Film- og videogramlova – filml
Lov om film og videogram
Innholdsfortegnelse
Kapittel kapI. Kapittel I. Innleiande reglar
§ 1 Verkeområde og definisjonar
Kapittel kapII. Kapittel II. Løyveplikt og avgifter
§ 2 Kommunal løyveordning
§ 3 Avgift til staten
Kapittel kapIII. Kapittel III. (Oppheva)
§ 4 (Oppheva)
§ 5 (Oppheva)
§ 6 (Oppheva)
Kapittel kapIV. Kapittel IV. (Oppheva)
§ 7 (Oppheva)
§ 8 (Oppheva)
§ 9 (Oppheva)
§ 10 (Oppheva)
§ 11 (Oppheva)
§ 12 (Oppheva)
Kapittel kapV. Kapittel V. Strafferettslege sanksjonar
§ 13 Straff
§ 13a (Oppheva)
§ 14 (Oppheva)
§ 15 (Oppheva)
§ 16 (Oppheva)
Kapittel kapVI. Kapittel VI. Gjennomføring av lova
§ 17 Ikraftsetjing
Kapittel kapI
Kapittel I. Innleiande reglar
Denne lova gjeld framsyning og omsetning av film og videogram i næring. Lova gjeld ikkje kringkasting slik dette er definert i kringkastingsloven.
Film er etter denne lova fotografiske eller teikna bilete som er sette saman på ein slik måte at dei lagar ei levande rørsle.
Videogram er etter denne lova eit elektronisk signal for lagring og attgiving av levande bilete som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar.
Departementet kan avgjere at denne lova skal gjelde på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen. Departementet kan fastsetje dei særskilde reglane dette krev.
Endra med lover 6 jan 1995 nr. 3 (ikr. 1 feb 1995), 14 des 2012 nr. 91 (ikr. 1 jan 2013 iflg. res. 14 des 2012 nr. 1245).
Kapittel kapII
Kapittel II. Løyveplikt og avgifter
Framsyning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt.
Løyvet kan givast for ein periode på opptil fem år. Løyvet kan nektast eller trekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, straffelova §§ 236, 311 eller 317 eller bryt vilkår som er sette ved tildeling av løyvet.
Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre naudsynt kontroll med at den løyvepliktige verksemda blir driven i samsvar med dei reglane som gjeld.
Kommunane kan fastsetje vilkår for løyve til framsyning av film og videogram. Det kan ikkje fastsetjast vilkår som inneber totalforbod mot framsyning av film eller videogram i ein kommune.
Departementet kan i forskrift gjere unntak frå kravet om løyve.
Endra med lover 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), 11 aug 2000 nr. 76, 2 juli 2004 nr. 68 (ikr. 1 jan 2005 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1099), 22 des 2006 nr. 104 (ikr. 1 jan 2007 iflg. res. 22 des 2006 nr. 1537), 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1240), 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
Den som driv framsyning av film og videogram i næring, skal betale ei avgift til staten på 2,5 % av bruttoomsetninga. Dei avgiftspliktige skal føre særskild rekneskap for slik framsyning.
Den som driv omsetning av film og videogram i næring, skal betale ei avgift til staten per videogram. Stortinget fastset satsane.
Departementet fastset i forskrift nærmare retningsliner om avgiftsgrunnlag, utrekning og innkrevjing av avgifter, bruken av midlane og kan gjere unntak frå kravet om avgift.
Endra med lover 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), 18 des 2015 nr. 129 (ikr. 1 jan 2016), 22 des 2021 nr. 168 (ikr. 1 jan 2022). Vert endra ved lov 28 feb 2025 nr. 2 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).
Kapittel kapIII
Kapittel III. (Oppheva)
Endra med lover 11 juni 1993 nr. 92, 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343), 14 jan 2000 nr. 6 (ikr. 20 jan 2000, etter res. 14 jan 2000 nr. 31), 2 juli 2004 nr. 68 (ikr. 1 jan 2005, etter res. 2 juli 2004 nr. 1099), 22 des 2006 nr. 104 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 22 des 2006 nr. 1537), 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 3 sep 2010 nr. 1240), 14 des 2012 nr. 92 (ikr. 1 jan 2013, etter res. 14 des 2012 nr. 1248), oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).
Endra med lover 20 mai 1988 nr. 34, 11 juni 1993 nr. 92, 16 juni 1994 nr. 19 (ikr. 15 juli 1994, etter res. 16 juni 1994 nr. 480), 2 juli 2004 nr. 68 (ikr. 1 jan 2005, etter res. 2 juli 2004 nr. 1099), 22 des 2006 nr. 104 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 22 des 2006 nr. 1537), oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).
Endra med lover 11 juni 1993 nr. 92, 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343), 2 juli 2004 nr. 68 (ikr. 1 jan 2005, etter res. 2 juli 2004 nr. 1099), oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).
Kapittel kapIV
Kapittel IV. (Oppheva)
Endra med lover 20 mai 1988 nr. 34, 11 juni 1993 nr. 92, 6 jan 1995 nr. 3 (ikr. 1 feb 1995), 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), 11 aug 2000 nr. 76, 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938), 2 juli 2004 nr. 68 (ikr. 1 jan 2005 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1099), 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1240), 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 12 juni 2015 nr. 633), oppheva med lov 22 des 2021 nr. 168 (ikr. 1 jan 2022).
Endra med lov 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), oppheva med lov 22 des 2021 nr. 168 (ikr. 1 jan 2022).
Oppheva med lov 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000), føyd til med lov 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1240), oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 12 juni 2015 nr. 633).
Endra med lover 11 juni 1993 nr. 92, 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), oppheva med lov 22 des 2021 nr. 168 (ikr. 1 jan 2022).
Oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 12 juni 2015 nr. 633).
Oppheva med lov 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), føyd til igjen med lov 14 jan 2000 nr. 6 (ikr. 20 jan 2000 iflg. res. 14 jan 2000 nr. 31), endra med lover 2 juli 2004 nr. 68 (ikr. 1 jan 2005 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1099), 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 12 juni 2015 nr. 633), oppheva med lov 22 des 2021 nr. 168 (ikr. 1 jan 2022).
Kapittel kapV
Kapittel V. Strafferettslege sanksjonar
Den som ved vilje eller aktlaust bryt denne lova eller forskrifter givne med heimel i lova, kan straffast med bot eller fengsel i opptil tre månader eller med begge delar. Medverknad blir ikkje straffa.
Endra med lover 20 juli 1991 nr. 66, 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
Føyd til med lov 22 des 2006 nr. 104 (ikr. 1 jan 2007 iflg. res. 22 des 2006 nr. 1537), oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 12 juni 2015 nr. 633).
Endra med lover 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), 11 aug 2000 nr. 76, 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1240), oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 12 juni 2015 nr. 633).
Endra med lover 11 aug 2000 nr. 76, 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1240), oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 12 juni 2015 nr. 633).
Endra med lover 11 aug 2000 nr. 76, 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1240), oppheva med lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 12 juni 2015 nr. 633).
Kapittel kapVI
Kapittel VI. Gjennomføring av lova
Lova tek til å gjelda frå den tid Kongen fastset1.
1 Frå 1 jan 1988 iflg. res. 18 des 1987 nr. 965.