Kulturlova
Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)
Innholdsfortegnelse
§ 1 Føremål
§ 2 Definisjonar
§ 2 a Avstand til politiske styresmakter
§ 3 Statens oppgåver
§ 4 Fylkeskommunens og kommunens oppgåver
§ 5 Felles oppgåver
§ 6 Ikraftsetjing
Lova skal leggja til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte gjennom å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd i tråd med prinsippet om armlengds avstand, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.
Endra ved lov 9 mai 2025 nr. 14 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 9 mai 2025 nr. 754).
Med kulturverksemd meiner ein i denne lova åskapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,
verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,
delta i kulturaktivitet,
utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.
Avgjerder som i hovudsak skal baserast på kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn, skal treffast av personar med relevant fagkompetanse. Politiske styresmakter kan ikkje overprøva eller instruera om innhaldet i slike avgjerder. Dette er ikkje til hinder for overordna styring gjennom økonomiske og juridiske rammer og generelle mål.
Første leddet gjeld ikkjeavgjerder basert på kulturmiljøfagleg skjønn, inkludert avgjerder om tildeling av tilskot til tiltak knytte til kulturmiljø, eller til ivaretaking av tradisjonshandverk når tilskotet har samanheng med slike tiltak
ved behandling av klage etter forvaltningslova § 28 andre leddet.
Tilføyd ved lov 9 mai 2025 nr. 14 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 9 mai 2025 nr. 754).
Staten skal fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd over heile landet gjennom rettslege, økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak.
Staten skal utforma verkemiddel og gjennomføra tiltak for å fremja og verna eit mangfald av kulturuttrykk i samsvar med internasjonale rettar og plikter.
Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt.
Fylkeskommunen og kommunen skal ha ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet og fastsetja overordna mål og strategiar for dette feltet i arbeidet med planar etter plan- og bygningslova kapittel 8 og 11. Måla og strategiane bør vera eigna til å møta dei utfordringane som går fram i den skriftlege oversikta.
Endra ved lov 9 mai 2025 nr. 14 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 9 mai 2025 nr. 754).
Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta forat kulturlivet har føreseielege utviklingskår,
å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar,
at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.
Kongen fastset når1 lova skal ta til å gjelda.
1 Frå 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 905.