I denne lova tyderdokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande allment tilgjengelege dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar statsorgan: alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum offentleg organ: statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum sentrale statsorgan: statsorgan med heile landet som tenestekrins regionale statsorgan: statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.
Per 25.05.2021
I denne lova tyderdokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande
allment tilgjengelege dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar
statsorgan: alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
offentleg organ: statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
sentrale statsorgan: statsorgan med heile landet som tenestekrins
regionale statsorgan: statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.
Gjeldende i dag

Samiske språk er urfolksspråk i Noreg. Samiske språk og norsk er likeverdige språk. Dei er jamstilte språk etter sameloven kapittel 3.
Per 25.05.2021
Samiske språk er urfolksspråk i Noreg.
Samiske språk og norsk er likeverdige språk. Dei er jamstilte språk etter sameloven kapittel 3.
Gjeldende i dag
Samiske språk er urfolksspråk i Noreg.
Samiske språk og norsk er likeverdige språk. Dei er jamstilte språk etter sameloven kapittel 3.
Kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk i Noreg. Som språklege og kulturelle uttrykk er kvensk, romani og romanes likeverdige med norsk.
Per 25.05.2021
Kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk i Noreg.
Som språklege og kulturelle uttrykk er kvensk, romani og romanes likeverdige med norsk.

Offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk. Statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.
Per 25.05.2021
Offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk.
Statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.

I dokument som er retta mot eit privat rettssubjekt, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det norske skriftspråket som det private rettssubjektet sjølv har bruka i kommunikasjonen med organet, eller som det private rettssubjektet på annan måte har meldt frå at det ønskjer. I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.
Per 25.05.2021
I dokument som er retta mot eit privat rettssubjekt, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det norske skriftspråket som det private rettssubjektet sjølv har bruka i kommunikasjonen med organet, eller som det private rettssubjektet på annan måte har meldt frå at det ønskjer.
I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.

Statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her. Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa. Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum. Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).
Per 25.05.2021
Statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her.
Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.
Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.
Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum. Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).
Per 25.05.2021
Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.
Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).
Gjeldende i dag
Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.
Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).
Språkorganisasjonar kan påpeike overfor eit statsorgan at dei meiner organet bryt føresegnene nemnt i §§ 14 og 15, jamvel om saka ikkje vedkjem organisasjonane sjølve.