Forvaltningsloven gjeld for saker etter denne lova med dei særreglane som er fastsette i paragrafen her eller i forskrift i medhald av § 41 nr. 32. Politiet kan krevje at personar stiller til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 16 er oppfylte. Retten til klage, grunngjeving og partsinnsyn etter forvaltningsloven gjeld ikkje for saker om løyve til mellombels innførsel til jaktføremål.
Politiet kan ta avgjerder i saker etter denne lova som åleine er gjorde på grunnlag av automatisert handsaming av personopplysingar, medrekna særlege kategoriar av personopplysingar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Handsaminga må trygge forsvarleg sakshandsaming og samsvare med retten til vern av personopplysingar. Avgjerda kan ikkje byggje på skjønnsmessige vilkår i lov eller forskrift, med mindre avgjerda er tvillaus. Den registrerte har rett til manuell overprøving av avgjerda.