Forskriftens innhold
Forskrifter om eigedomsinngrep etter veglova
§ 1. Kva føresegnene gjeld
Føresegnene gjeld eigedomsinngrep til riks-, fylkes- og kommunal veg etter veglova § 50.§ 2. Minnelege forhandlingar om eigedomsinngrep
Før vedtak om eigedomsinngrep kan gjerast, skal vegstyremakta, eller kommunen i saker som blir fremma etter § 5 første eller andre ledd i føresegnene her, prøve å nå fram til semje med dei inngrepet råkar.Unntak frå regelen i første ledd kan gjerast når vegstyremakta- ser det som rådlaust å nå fram til semje, eller
- finn at saka er av ein slik karakter eller eit slikt omfang at det ikkje ligg til rette for minnelege forhandlingar.
§ 3. Plankrav
Vedtak om eigedomsinngrep kan berre gjerast når det ligg føre vedteken reguleringsplan etter plan- og bygningslova.Vedtak kan ikkje gjerast dersom det har gått meir enn 10 år sidan reguleringsplanen blei kunngjort etter plan- og bygningslova § 12-12.Endra ved forskrifter 27 aug 2004 nr. 1217, 6 mai 2014 nr. 609.§ 4. Unntak frå plankrav
Regelen om plankrav etter § 3 gjeld ikkje for:- små inngrep i samband med vedlikehald, drift og mindre utbetringar av offentleg veg, så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1.
- inngrep i samband med tiltak utanfor reguleringsområdet (leidningar, lokale støytiltak, anleggsvegar o.l.), så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1.
- vedtak etter § 50 første ledd, siste punktum og § 50 andre ledd.
- avgjerd som tingretten tek etter § 50 tredje ledd.
Endra ved forskrifter 13 des 2002 nr. 1603 (i kraft 1 jan 2003), 27 aug 2004 nr. 1217, 6 mai 2014 nr. 609.§ 5. Forholdet til kommunen
Vegstyremakta skal på vanleg måte gjere vedtak om eigedominngrep i saker der kommunen er pålagt å stå for gjennomføringa av eigedomsinngrep til- riksveg med heimel i veglova § 14, og
- fylkesveg med heimel i veglova § 15.
Den vegstyremakta som har heimel til å gjere vedtak om eigedomsinngrep for riks- eller fylkesveg, kan avtale med kommunen at denne skal stå for gjennomføringa av eigedomsinngrepet.Pålegg etter første ledd eller avtale etter andre ledd i denne paragrafen gir kommunen fullmakt til å krevje skjønn.§ 6. Fullmakt til å kreve skjønn
Når vegstyremakta skal gjere vedtak om eigedomsinngrep knytta til riksveg som skal byggjast ut av eit statleg utbyggingsselskap for veg, har utbyggingsselskapet fullmakt til å krevje skjønn. Staten ved utbyggingsselskapet er part i saka. Det same gjeld ved avtaleskjønn knytta til vegar som utbyggingsselskapet skal byggje ut. Vegstyresmaktene avgjer spørsmål om anke og om det skal krevjast overskjønn.Tilføyd ved forskrift 13 des 2016 nr. 1598 (i kraft 1 jan 2017).§ 7. Når føresegnene tek til å gjelde
Føresegnene her tek til å gjelde frå 1. oktober 1981. Frå same tid trer Kronprinsregentens resolusjon av 15. januar 1965 om forskrifter om behandling av saker om eigedomsinngrep etter vegloven, og kongeleg resolusjon av 12. august 1966 om endringer og tillegg i forskrifter om behandling av saker om eigedomsinngrep etter vegloven ut av kraft.Endra ved forskrift 13 des 2016 nr. 1598 (i kraft 1 jan 2017, tidlegare § 6).
Sist oppdatert: 10.12.2025 04:00 | Kilde:
Lovdata (NLOD 2.0)