🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Sentral forskrift

Forskrift om distriktspolitiske verkemiddel

📅
09.05.2003
🏢
KRD (Kommunal- og regionaldepartementet)

Forskriftens innhold

Forskrift om investeringstilskot og avgrensing av det geografiske verkeområdet for dei regional- og distriktspolitiske verkemidla. Fastsett ved kgl.res. 9. mai 2003 med heimel i Stortingsvedtak om løyving til regional- og distriktspolitiske verkemidlar. Fremja av Kommunal- og regionaldepartementet. §1. Plikter etter EØS-avtalen (1) Ved ratifisering av avtalen om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtalen) og avtalen mellom EFTA-statane (European Free Trade Association) om å opprette eit overvakingsorgan og ein domstol, har EFTA-statane skipa ESA (EFTA Surveillance Authority). ESA er pålagt å sikre at EFTA-statane oppfyller pliktene sine etter artikkel 61 i EØS-avtalen. Etter denne artikkelen er statsstøtte, slik det er definert i artikkel 61 nr. 1, ikkje i samsvar med avtalen, anna enn i visse høve der det er gjort eller kan gjerast unntak. (2) Etter artikkel 61 nr. 3 i EØS-avtalen kan overvakingsorganet ESA godkjenne regionalstøtte i pakt med EØS-avtalen artikkel 61 nr. 3 bokstav a og c. Det geografiske verkeområdet for dei regional- og distriktspolitiske verkemidla og støttesatsane som høyrer til, er meldt inn til ESA. Verkeområdet og støttesatsane som står gjengitt i denne forskrifta, er i samsvar med unntaka i artikkel 61 nr. 3 bokstav c i EØS-avtalen. §2. Allmenne føresegner (1) Når det skal fastsetjast satsar for støtte til bedriftsinvesteringar, vert det nytta kumulerte støttesatsar i kvart prioriteringsområde (A, B, C). Det vil seie at det er den samla offentlege støtta til prosjektet som må liggje innanfor dei støttesatsane som gjeld i kvart enkelt prioriteringsområde. I samla støtte er investeringstilskot og eventuelle støtteelement i lån og garantiar for investeringslån rekna med. (2) Den samla støtta blir målt på to måtar. Brutto tilskotsekvivalent (BTE) er eit mål på den subsidien (samla offentleg tilskot og rentesubsidiar) som eit prosjekt eller ei bedrift får. Netto tilskotsekvivalent (NTE) er lik BTE etter at det er justert for skatt. (3) Når støttesatsane i denne forskrifta vert rekna ut, skal tilskotsekvivalentane fastsetjast i prosent av standard kostnadsgrunnlag, det vil seie summen av tomtekostnader, maskiner og bygningar, så sant desse kostnadskategoriane går inn i investeringsplanen. (4) Ved fastsetjing av støttesatsar er omgrepet små og mellomstore bedrifter (SMB) nytta. Med SMB meiner vi her bedrifter - som ikkje har meir enn 250 tilsette, - og anten ein omsetnad som ikkje er høgare enn 40 mill. EURO i året eller ein balanse som ikkje går over 27 mill. EURO, - og er uavhengige i høve til definisjonen nedanfor. (5) Eit uavhengig selskap er eit selskap der under 25% av kapitalen eller stemmeretten er eigd av eit selskap eller fleire selskap i samarbeid, som ikkje fell innanfor definisjonen av SMB. Dette kriteriet kan verte overskride dersom bedrifta er eigd av eit offentleg investerings- eller ventureselskap eller av ein institusjonell investor, føresett at dei ikkje utøvar kontroll enkeltvis eller samla. (6) Desse grensene er kumulative, det vil seie at berre bedrifter som oppfyller alle dei tre krava (m.o.t. sjølvstende, tilsette og minst eitt av krava for omsetnad og balanse) kan sjåast som SMB. §3. Investeringstilskot (1) Så langt Stortinget løyver midlar som kan nyttast til investeringstilskot i distrikta, kan fylkeskommunen eller dei aktørane som skal forvalte verkemidlar på vegne av fylkeskommunen, gje investeringstilskot i samsvar med denne forskrifta. Investeringstilskot i distrikta kan berre bli gitt innanfor det geografiske verkeområdet fastsett i denne forskrifta. (2) I samsvar med skattelova §5-31 bokstav a skal tilskot gitt til investeringar i distrikta ikkje reknast som skattbar inntekt for mottakaren. (3) Investeringstilskot skal ikkje trekkast frå kostpris ved berekning av årlege og totale avskrivingar i samsvar med skattelova §14-42 andre ledd siste punktum. (4) Etter skattelova §14-44 fyrste ledd andre punktum skal tilskot som er gitt til investering i distrikta, etter føresegner gitt av Kongen, reknast som ein del av vederlaget ved sal av driftsmidlet før det har gått fem år etter at det blei erverva. §4. Prioriteringsområde A (1) Område A skal ha høgast prioritet ved bruk av regional- og distriktspolitiske verkemidlar. (2) I område A skal netto tilskotsekvivalent ikkje vere over 25% av standard kostnadsgrunnlag uavhengig av kor stor støttemottakaren er. Små og mellomstore bedrifter kan i tillegg få eit påslag på opptil 5%-poeng brutto tilskotsekvivalent. (3) Område A omfattar: Svalbard Finnmark: Alle kommunaneTroms: 1940 Kåfjord, 1941 Skjervøy, 1942 Nordreisa, 1943 Kvænangen. §5. Prioriteringsområde B (1) Område B skal ha nest høgast prioritet ved bruk av regional- og distriktspolitiske verkemidlar. (2) I område B skal netto tilskotsekvivalent til investeringar ikkje vere over 20% av standard kostnadsgrunnlag uavhengig av kor stor støttemottakaren er. Små og mellomstore bedrifter kan i tillegg få eit påslag på opptil 5%-poeng brutto tilskotsekvivalent. (3) Område B omfattar: Troms: Alle kommunar frårekna 1902 Tromsø, 1940 Kåfjord, 1941 Skjervøy, 1942 Nordreisa, 1943 Kvænangen.Nordland: Alle kommunane frårekna 1804 Bodø.Nord-Trøndelag: 1703 Namsos, 1711 Meråker, 1723 Mosvik, 1724 Verran, 1725 Namdalseid, 1736 Snåsa, 1738 Lierne, 1739 Røyrvik, 1740 Namsskogan, 1742 Grong, 1743 Høylandet, 1744 Overhalla, 1748 Fosnes, 1749 Flatanger, 1750 Vikna, 1751 Nærøy, 1755 Leka.Sør-Trøndelag: 1612 Hemne, 1613 Snillfjord, 1617 Hitra, 1620 Frøya, 1622 Agdenes, 1627 Bjugn, 1630 Åfjord, 1632 Roan, 1633 Osen, 1634 Oppdal, 1635 Rennebu, 1636 Meldal, 1640 Røros, 1644 Holtålen, 1655 Tydal.Møre og Romsdal: 1566 Surnadal, 1567 Rindal, 1569 Aure, 1571 Halsa, 1572 Tustna, 1573 Smøla.Rogaland: 1151 Utsira.Aust-Agder: 0929 Åmli. Telemark: 0826 Tinn, 0828 Seljord, 0829 Kviteseid, 0830 Nissedal, 0831 Fyresdal, 0833 Tokke, 0834 Vinje.Oppland: 0511 Dovre, 0512 Lesja, 0513 Skjåk, 0514 Lom, 0515 Vågå, 0516 Nord-Fron, 0517 Sel, 0519 Sør-Fron.Hedmark: 0428 Trysil, 0429 Åmot, 0430 Stor-Elvdal, 0432 Rendalen, 0434 Engerdal, 0436 Tolga, 0437 Tynset, 0438 Alvdal, 0439 Folldal, 0441 Os. §6. Prioriteringsområde C (1) Område C har nest lågast prioritet ved bruk av regional- og distriktspolitiske verkemidlar. (2) I område C skal netto tilskotsekvivalent til investeringar ikkje vere over 10% av standard kostnadsgrunnlag uavhengig av kor stor støttemottakaren er. Små og mellomstore bedrifter kan i tillegg få eit påslag på opptil 10%-poeng brutto tilskotsekvivalent. (3) Det kan i enkelttilfelle gis eit påslag på 5%-poeng, utover dei ordinære støttesatsane i sone C. Støtte på inntil 15% for store bedrifter og 25% for SMB i denne sonen skal kun gis til prosjekt der ein forventar at prosjektet vil ha stor regional påverknad. Moglegheiten for å gi over hhv. 10% og 20% i sone C gjeld ikkje i Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. (4) Område C omfattar: Troms: 1902 Tromsø.Nordland: 1804 Bodø.Nord-Trøndelag: 1702 Steinkjer, 1718 Leksvik, 1721 Verdal, 1729 Inderøy.Sør-Trøndelag: 1621 Ørland, 1624 Rissa, 1648 Midtre Gauldal, 1664 Selbu.Møre og Romsdal: 1503 Kristiansund, 1511 Vanylven, 1514 Sande, 1524 Norddal, 1525 Stranda, 1526 Stordal, 1539 Rauma, 1543 Nesset, 1545 Midsund, 1546 Sandøy, 1551 Eide, 1554 Averøy, 1556 Frei, 1557 Gjemnes, 1560 Tingvoll, 1563 Sunndal.Sogn og Fjordane: 1411 Gulen, 1412 Solund, 1413 Hyllestad, 1416 Høyanger, 1417 Vik, 1418 Balestrand, 1419 Leikanger, 1420 Sogndal, 1421 Aurland, 1422 Lærdal, 1424 Årdal, 1426 Luster, 1428 Askvoll, 1429 Fjaler, 1430 Gaular, 1431 Jølster, 1438 Bremanger, 1439 Vågsøy, 1441 Selje, 1443 Eid, 1444 Hornindal, 1445 Gloppen, 1449 Stryn.Hordaland: 1211 Etne, 1224 Kvinnherad, 1227 Jondal, 1228 Odda, 1231 Ullensvang, 1232 Eidfjord, 1233 Ulvik, 1234 Granvin, 1235 Voss, 1238 Kvam, 1252 Modalen, 1265 Fedje, 1266 Masfjorden.Rogaland: 1111 Sokndal, 1112 Lund, 1133 Hjelmeland, 1134 Suldal, 1135 Sauda, 1141 Finnøy, 1144 Kvitsøy, 1154 Vindafjord, 1159 Ølen.Vest-Agder: 1026 Åseral, 1027 Audnedal, 1034 Hægebostad, 1037 Kvinesdal, 1046 Sirdal.Aust-Agder: 0911 Gjerstad, 0912 Vegårdshei, 0938 Bygland, 0940 Valle, 0941 Bykle.Telemark: 0807 Notodden, 0817 Drangedal, 0819 Nome, 0821 Bø, 0822 Sauherad, 0827 Hjartdal.Buskerud: 0615 Flå, 0616 Nes, 0617 Gol, 0618 Hemsedal, 0619 Ål, 0620 Hol, 0621 Sigdal, 0632 Rollag, 0633 Nore og Uvdal.Oppland: 0520 Ringebu, 0522 Gausdal, 0536 Søndre Land, 0538 Nordre Land, 0540 Sør-Aurdal, 0541 Etnedal, 0542 Nord-Aurdal, 0453 Vestre Slidre, 0544 Øystre Slidre, 0545 Vang.Hedmark: 0402 Kongsvinger, 0420 Eidskog, 0423 Grue, 0425 Åsnes, 0426 Våler. Østfold: 0118 Aremark, 0119 Marker, 0121 Rømskog. §7. Prioriteringsområde D (1) Område D skal ha lågast prioritet ved bruk av regional- og distriktspolitiske verkemidlar. I område D kan ein ikkje gi direkte bedriftsretta støtte, med unntak for etablerarstipend, omstillingsmidlar og kommunale næringsfond. (2) Område D omfattar: Nord-Trøndelag: 1717 Frosta, 1719 Levanger.Sør-Trøndelag: 1638 Orkdal.Møre og Romsdal: 1515 Herøy, 1516 Ulstein, 1517 Hareid, 1519 Volda, 1520 Ørsta, 1528 Sykkylven, 1534 Haram, 1535 Vestnes, 1547 Aukra, 1548 Fræna.Sogn og Fjordane: 1401 Flora, 1432 Førde, 1433 Naustdal.Hordaland: 1219 Bømlo, 1222 Fitjar, 1223 Tysnes, 1241 Fusa, 1242 Samnanger, 1244 Austevoll, 1251 Vaksdal.Rogaland: 1129 Forsand.Vest-Agder: 1003 Farsund, 1004 Flekkefjord, 1021 Marnardal, 1029 Lindesnes, 1032 Lyngdal.Aust-Agder: 0901 Risør, 0914 Tvedestrand, 0935 Iveland, 0937 Evje og Hornnes.Telemark: 0815 Kragerø.Buskerud: 0622 Krødsherad, 0631 Flesberg.Oppland: 0521 Øyer. §8. Graderingsnormer (1) Ein kan prioritere område for bruk av regional- og distriktspolitiske verkemidlar på ulike måtar, t.d. ved å tildele eit område rammer eller ved tildeling til einskilde prosjekt. Innanfor kvart av dei geografiske delområda som er definert under §4 til §7, skal støtteomfanget fastsetjast etter ei samla vurdering av kvar einskild sak. Nærare retningsliner vert fastlagt av Kommunal- og regionaldepartementet. §9. Iverksetting Denne forskrifta tek til å gjelde frå 9. mai 2003. Frå same tid vert forskrift av 7. januar 2000 nr. 16 om avgrensing av geografisk verkeområde for distriktspolitiske verkemidlar og forskrift av 8. januar 1999 nr. 8 om de bedriftsrettede distriktspolitiske virkemidler forvaltet av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og fylkeskommunene, oppheva.