§ 1. Unntak frå verkeområdet til offentleglova
Offentleglova gjeld ikkje for desse rettssubjekta:- Norges sjømatråd AS
- SIVA Eigedom Holding AS
- Gassco AS
- NRK Aktivum AS
- Petoro AS
- Posten Noreg AS
- Statkraft SF
- Norsk Tipping AS
- Stiftelsen Norsk Rikstoto.
Offentleglova gjeld heller ikkje for:- sjølvstendige rettssubjekt utan fast tilsette i administrativ stilling
- sjølvstendige rettssubjekt som utelukkande har til oppgåve å vareta medlemmene sine interesser som arbeidsgivar eller liknande (interesseorganisasjonar).
Offentleglova gjeld ikkje for desse dokumenta hos sjølvstendige rettssubjekt:- dokument som gjeld kunstnarleg og fagleg programmering og planlegging av repertoar i kulturinstitusjonar
- dokument knytte til formuesforvaltning hos rettssubjekt som har slik forvaltning som føremål
- dokument hos arbeidsmarknadsføretak godkjent av Arbeids- og velferdsetaten (NAV) som gjeld enkeltpersonar som får bistand frå føretaket
- dokument knytte til sak om kommersiell utnytting av forskingsresultat og sak om bidrags- eller oppdragsforsking i rettssubjekt innanfor universitets- og høgskulesektoren
- dokument i sak om søknad om finansiering hos Enova SF
- dokument knytte til forvaltning av statens interesser i CO2 -handteringsprosjekt hos Gassnova SF
- dokument i sak om søknad om finansiering hos Innovasjon Noreg, med unntak for positive avgjerder, og dokument knytte til Innovasjon Noregs eksportfremmande verksemd og rådgivingsverksemd overfor idéskaparar og oppfinnarar
- dokument i saker om finansiering og investering hos Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (NORFUND)
- dokument hos NRK AS som er knytte til redaksjons- og programverksemda i selskapet
- dokument hos Statnett SF som kan påverke prisane på kraftmarknaden, inntil opplysningane som går fram av dokumenta er offentleggjorde gjennom formelle kanalar, og dokument hos Statnett SF knytte til internasjonale samarbeidsforhold og kommersielle prosjekt som Statnett SF tek del i
- dokument i sak om registrering av domenenamn hos UNINETT Norid AS
- korrespondanse mellom NSB AS og dotterselskap av dette selskapet, samt mellom NSB AS og kundar av selskapet.
Bokstavane e, h og k gjeld ikkje for positive avgjerder.
Paragrafen her gjeld ikkje i saker der eit sjølvstendig rettssubjekt gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. Føresegnene i offentleglova § 6, § 7 andre ledd, § 8 tredje ledd andre punktum, fjerde ledd og femte ledd og § 30 fyrste ledd tredje punktum og andre ledd gjeld uavhengig av paragrafen her for alle verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.Endra ved forskrifter 22 juni 2012 nr. 572 (i kraft 1 juli 2012), 25 juli 2013 nr. 929, 18 juni 2021 nr. 2010 (i kraft 1 juli 2021), 9 des 2022 nr. 2106.§ 6. Tilgjengeleggjering av journalar på Internett
Følgjande organ som fører elektronisk journal, skal gjere journalen tilgjengeleg for ålmenta på Internett:- alle departementa og Statsministerens kontor
- alle dei statlege direktorata som har heile landet som verkeområde
- alle dei statlege tilsyna som har heile landet som verkeområde
- statsforvaltarane
Plikta til å gjere journalen tilgjengeleg på Internett omfattar berre den sentrale eininga i eit direktorat eller eit tilsyn som også har regionale einingar. Utanriksdepartementet kan fastsetje at utanriksstasjonar som fører eigen elektronisk journal, skal gjere han tilgjengeleg for ålmenta på Internett. Det overordna departementet avgjer i tvilstilfelle om eit underlagt organ er omfatta av plikta til å gjere journalen tilgjengeleg på Internett.
Følgjande organ er ikkje i noko tilfelle omfatta av plikta til å gjere elektronisk journal tilgjengeleg på Internett:- Regjeringsadvokaten
- Riksadvokaten
- Etterretningstenesta
- Politiets tryggingsteneste (PST)
- Patentstyret
- Nasjonalt tryggingsorgan
- Norsk pasientskadeserstatning
- Pasientskadenemnda.
Innhaldet i journalar som blir gjorde tilgjengelege på Internett, skal vere i samsvar med arkivforskrifta § 10 fyrste ledd tredje punktum bokstavane a til e. I tillegg skal journalen opplyse om kontaktpunkt for den enkelte sak hos det aktuelle organet. Når opplysningar ikkje er tekne med i offentleg journal, jf. arkivforskrifta § 10 andre ledd, skal utelatinga og fullstendig unntaksheimel gå fram av journalen. Dersom det er teke avgjerd om at eit dokument heilt eller dels skal vere unnateke frå innsyn, kan journalen innehalde opplysning om dette i form av fullstendig unntaksheimel og med opplysning om unntaket gjeld heile eller delar av dokumentet.Opplysningar som er nemnde i § 7 andre ledd, skal ikkje gå fram av offentleg elektronisk journal. Slike opplysningar skal heller ikkje gå fram av journal eller liknande register som eit organ som ikkje er omfatta av ordninga etter fyrste ledd gjer tilgjengeleg på Internett. Offentleg elektronisk journal for organ som er omfatta av ordninga etter fyrste ledd, skal innrettast slik at det ikkje skal vere mogleg å få treff på personnamn i innførslar i journalane som er eldre enn eit år.Trer i kraft når departementet bestemmer.Endra ved forskrifter 15 des 2017 nr. 2105 (i kraft 1 jan 2018), 21 juni 2019 nr. 855, 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).