Forskriftens innhold
Mellombels forskrift om klagenemnd for handsaming av klager over Koronakommisjonen sine avgjerder etter offentleglova
§ 1. Klager over Koronakommisjonen sine avgjerder etter offentleglova
Klager over avgjerder etter offentleglova frå kommisjonen som skal gå gjennom og trekkje lærdom frå styresmaktene si handtering av covid-19-utbrotet i Noreg (Koronakommisjonen) skal handsamast av ei særskilt oppnemnt klagenemnd. Klagenemnda skal ha ein leiar med personleg varamedlem, to andre medlemar og ein annan varamedlem. Medlemane og varamedlemane blir oppnemnde av Kongen i statsråd.§ 2. Når klagenemnda kan ta avgjerd
Klagenemnda kan avgjera ei sak når leiaren eller leiaren sin vara og minst ein annan medlem eller varamedlem tek del i handsaminga. Dersom berre to medlemar tek del i ei avgjerd, har leiaren eller leiaren sin vara dobbeltstemme ved usemje.§ 3. Iverksetjing og oppheving
Forskrifta tek til å gjelde straks.Forskrifta blir oppheva når Koronakommisjonen har avslutta arbeidet sitt, klagenemnda har handsama alle klager som nemnt i § 1 som er fremja innan klagefristen, og Koronakommisjonen sitt dokumentmateriale er avlevert til Arkivverket.
Sist oppdatert: 10.12.2025 04:00 | Kilde:
Lovdata (NLOD 2.0)