Forskriftens innhold
Forskrift om vern av Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke som geografisk nemning
§ 2. Rettmessig brukar
§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga
Produktbeskriving Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke er kjøt av lam som i minimum 8 veker har beita på fjellbeite på over 500 m.o.h. i fjellområda i Ryfylke. Nemninga omfattar ferske og fryste skrottar, naturlege stykningsdelar og kjøtsorteringar. Lamma skal ha ei slaktevekt på minimum 16 kg og vera klassifiserte i slakteklasse O+ eller betre og ha maksimum 3+ i feittmengd. Geografisk område Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke skal gå på fjellbeite i Ryfylkeheiane. Dette geografiske området omfattar heiaområda i kommunane Hjelmeland, Sandnes, Sauda, Suldal, Stavanger og Strand i Rogaland, og også mindre fjellområde i kommunane Ullensvang i Vestland, Bykle og Sirdal i Agder og Gjesdal i Rogaland. Sjå vedlagte kart. Produksjonsmetode Lamma skal gå på fjellbeite i minimum 8 veker. Slaktemodne lam bør leverast til slakting så snart som mogleg etter sanking, og seinast 1. november. Eventuell sluttfôring bør bestå av godt håbeite. Tilleggsfôring med kraftfôr skal ikkje skje i lengre periode enn maksimum 3 veker. Alle forhold rundt beiting og fôring skal dokumenterast. Merking av produktet Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke kan merkast med teksten og figurmerket for Beskytta geografisk nemning.
§ 4. Iverksetjing
Vedlegg: Beskriving av produktet sitt opphav og tilknyting til det geografiske området

Sist oppdatert: 10.12.2025 04:00 | Kilde: Lovdata (NLOD 2.0)