Rep.forsl. om å oppheve frysvedt. for behandl. av søkn. om godkj. av friskole
Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider for å hjelpe og styrkje nærmiljøskulane i alle delar av landet. LUFS er partipolitisk nøytral.
So lenge opplæringslova blir fylgd, meinar vi at
- Folkestyret er tufta på ein offentleg,
gratis skule – der alle må møtast
• Retten til skule i eige nærmiljø er
lovfesta – jf. Opplæringslova §8-1
Sidan kommunane overtok ansvaret i 1986, har det vorte fjerna 1700 nærmiljøskular · svært mange born vert dermed fråtekne retten til skule i eige nærmiljø.
- 50 000 born er no pålagt daglege skulereiser på 1 time eller meir.
- dei vert grovt diskriminerte grunna foreldra sin buplass.
LUFS legg til grunn at dette er i strid med menneskerettane.
Det er grunn til å minne om at dette gjeld grunnskuleelevar - born heilt ned i 5 års alder.
Staten har det overordna ansvaret for at alle born i Noreg får grunnskuleopplæring i tråd med internasjonale avtaler, norske lover og føresegner. Det må bli oppfylt anten gjennom Opplæringslova eller eventuelt Privatskulelova.
Kunnskapsdepartementet styrer unna kanskje det viktigaste spørsmålet i norsk skuleforvalting: Krenking av barnet sin rett til skule i sitt eige nærmiljø. Overgrepet skjer mot mange tusen born kvart einaste år, gjennom praktiseringa av Opplæringslova.
Noreg har skrive under FN-konvensjonane om Barnerettar og Menneskerettar. Som fylgje av det, lovfesta Stortinget retten til skule i eige nærmiljø (Opplæringslova §8-1). Då 6-åringane kom inn i skulen, blei det endå tydelegare at born må sikrast ein trygg og heimenær aksjonsradius og læringsarena. Lov og førearbeid er ikkje til å mistyde. Å vite at ein høyrer til, er
- grunnleggjande om barnet skal kunne utvikle sunn identitet og røter
- ein føresetnad for gradvis å vekse til gagns menneske og samfunnsborgar
- vilkåret for at barnet skal kunne knyte sosiale band med dei ein lever i lag med i lokalsamfunnet - både i skule, heim og fritid
- basis for ekte læring og varig kunnskap
I førearbeida til Opplæringslova (NOU 1995:18 "Ny lovgivning om opplæring") heiter det m.a.: • "Det er etter utvalgets oppfatning viktig å gi barna anledning til å skape eller fastholde holdepunkter i nærmiljøet. Et slikt holdepunkt er skolen. Det er derfor viktig at barna har rett til å gå på skole i det som er deres naturlige nærmiljø. I mange tilfeller vil dette også kunne bidra til å sikre barna en tryggere skolevei." (vår understreking)
Det største trugsmålet mot born sine juridiske rettar, kjem i dag gjennom kommunane si nedlegging av nærmiljøskular.
- Eit sterkt aukande tal born er no utsette for diskriminering og tapte menneskerettar, grunna foreldra sin buplass.
- Det er ein uforløyst verkebyll i skule-forvaltinga. Likevel er spørsmålet ikkje nemnt i høyringsnotatet frå departementet.
Til dags dato har embetsverket i departementet late vere å greie ut dette sentrale poenget. Dei har stillteiande gjeve fylkesmenn/statsforvaltarar ryggdekning for å la kommunane gjere som dei vil. Det syner den store mengda klagesaker. Resultatet er 1700 nedlagde grunnskular. Den største skulereforma nokosinne. Aldri drøfta eller vedteke av nasjonale styresmakter.
Eit samrøystes vedtak i stortinget (år 2000) om å greie ut konsekvensane av skulenedlegging, er til no neglisjert av statsforvaltinga.
Sjølv om kommunane frå 1986 overtok mykje av grunnskuledrifta, er det klårt at staten framleis er ansvarleg for at barnet sine menneskerettar vert ivaretekne. Anten gjennom Opplæringslova eller Privatskulelova/Friskulelova.
Framlegga som departementet har lagt fram – og praksisen som i dag er tema i stortingskomiteen – går i stikk motsett lei. Det vil snevre inn det høvet som foreldre i distriktsnoreg har til å skipe privatskule i nærmiljøet sitt.
LUFS sin klåre konklusjon er:
Stortinget bør med bakgrunn i dette oppheve frysvedtaket for handsaming av søknader om godkjenning av friskular med særskild profil - for å hindre at born kan bli diskriminerte på grunn av foreldra sin bustad – om kommunane legg slike ned slike skular i born sitt nærmiljø.