Dato: 04.10.2024 Svartype: Med merknad Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har i møte 30. september 2024 gjort følgjande vedtak i saka: Møre og Romsdal fylkeskommune er generelt positive til dei føreslegne endringane i delutgreiing II frå drosjeutvalet, då det gir løyvestyresmakta fleire verkemiddel til å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod, spesielt i distrikta. Møre og Romsdal fylkeskommune er positive til endringane knytt til einerettar og innføring av støtteordning for drosjeverksemd. Dette kan vere gode verkemiddel for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod, under føresetnad om at det vert inkludert tilstrekkeleg med økonomiske midlar i rammeoverføringa til fylkeskommunen. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar innføring av internkontroll for drosjesentralane og at fylkeskommunane får ansvaret for tilsyn med internkontroll. Det må tas omsyn til at dette vil føre til auka ressursbruk for løyvestyresmakta og det må difor løyvast nødvendige midlar i rammeoverføringa. Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"