Dato: 01.10.2024 Svartype: Med merknad Kontaktutvalet for reinlaga i Sør-Norge c/o Bjørn Benrud Lokkarvegen 2 2680 VÅGÅ E-post: styreleder@vagatamrein.no , telefon 416 25 409 Landbruks- og matdepartementet Vågåmo, 30. september 2024 HØYRINGSSVAR TIL FORSLAG OM NY REINDRIFTSLOV Viser til forslag til ny Reindriftslov sendt ut frå Landbruksdepartementet med høyringsfrist 1. oktober 2024. Alle reinlaga var invitert til møte på Fagernes Hotel av Landbruksdepartement i oktober 2023. Temaet var revisjon av reindriftslova. Dette var eit aktivt og svært godt møte. Vi vil takke for at vi vart invitert til å fortelje om drifta til reinlaga, og for at vi fekk kome med meiningane våre. Generelt Kontaktutvalet for reinlaga er ein felles organisasjon for dei ikkje-samiske reinlaga Filefjell Reinlag ANS, Fram Reinlag DA, Vågå Tamrein AS og Lom Tamrein AS. Reindrifta finn stad i fylka Innlandet, Vestland og Buskerud. Totalt reintal på om lag 11500 dyr og ein årleg produksjon på ca. 220 000 kg reinskjøt. Det hender at vi reinlaga føler oss litt gløymt av reindriftsmyndighetene både når det gjeld innkallingar til møte, få tilsendt høyringar og når det gjeld tryggleiken for framtidig drift, sjølv om den ikkje-samiske reindrifta har bestått i uminnelege tider. Vi gjer vårt yttarste for å prøve å drive ei så god reindrift som mogleg, innanfor dei ramevilkåra som er i reindriftsloven. I lova av 2007 vart det teke inn at reinlaga faktisk eksisterte, og at ein del av lovverket også skulle fungere for oss i den ikkje-samiske reindrifta. Forslag til ny Reindriftslov på høyring. Lovforslaget tek utgangspunkt i tre prioriterte hovudtema: den interne organiseringa i reindrifta, under her bruksreglar som internt styringsverkty, erstatningsreglar reindrifta sin tilgang til jordskifteretten ved interne forhold. Kontaktutvalet vel å kommentere det som vedrører oss i ikkje-samisk reindrift Erstatningsansvar i reindrifta Forslag til endringar i §§ 67, 68 og 69 om ansvar for skade Endringane som er foreslått tek utgangspunkt i uttala til Høgsterett i dommen av 9. mai 2018, i HR-2018-872-A (Femund-dommen) og Samerettsutvalet 2 sine forslag til endra erstatningsreglar i NOU 2007: 13. Forslaget tek så langt det er mogleg sikte på å likestille erstatningsansvaret i reindriftslova med beitelova når det gjelder erstatningsansvar og kva skader som kan erstattast. Kontaktutvalet for reinlaga tykkjer det er bra at forslaget byggjer på eit likebehandlingssystem, og at Femunddommen (Høgsterett) er følgt opp i høyringsforslaget. Reindrifta sin tilgang til verkemiddel i jordskiftelova Bruk av jordskifte Reindrifta er ei arealavhengig næring, og blant anna er knappe beiteressursar og knappe areal en kjelde til konflikt internt i næringa. Forslaga tek i hovudsak utgangspunkt i forslaga i rapporten Jordskifterettens kompetanse knytt til interne forhold i reindrifta av 16. mars 2016. Sentrale punkt i forslaget går på at retten får kompetanse til å behandle saker i reindrifta, samt at retten i reindriftssaker blir sett med reindriftskyndige meddommarar, og blir kalla ein reindriftsdomstol. Det er positivt om dette kan føre til meire hensiktsmessige forhold i drifta, utan at ein part skal lide tap. Kontaktutvalet for reinlaga er positive til at forslaga i rapporten om jordskifteretten si kompetanse blir følgd opp i høyringsforslaget. Kontaktutvalet vil understreke at det viktig å sikre den reindriftsfaglege kompetansen i domstolsamensetninga. Vidare må etablerte bruksrettar med grunnlag i alders tids bruk, stå sterkt og vera eit utgangspunkt for retten si behandling av saker. Andre innspel til endringar i reindriftslova Kontaktutvalet vil gjerne kommentere enkelte ting som kjem i tillegg til det som er sendt ut på høyringa. Områdeerstatning. På grunn av blant a nna det grøne skiftet vil det måtte byggjast mykje ny energiproduksjon i Norge dei neste åra. Dette kan kome til å ta reindriftsareal. Da må det være ei sjølvfølgje at det blir gjeve erstatningsområde. Desse erstatningsområda kan gjerne vera tidlegare brukt som villreinområder. Alle villreinområda må ikkje vera freda for at det kan bli reindriftsområde att. Viktig å ha med seg det historiske perspektivet , omtrent samtlege villreinområde i Norge er tidligare reindriftsområde, der reindrifta anten var nedlagd at eller reindriftsamer vart «jaga vekk» frå fjella. Dagens villreinforvaltning er ei ny «næring/forvaltning» som ikkje meir enn 50-60 år. Nye reindriftsområde. Kontaktutvalet meiner at det burde vera ein enklare prosess enn i dag å lage nye reindriftsområde i Norge. Dersom til dømes grunneigarar/rettigheitshaverar i eit område gjerne vil starte opp med reindrift så burde det vera mogleg å få konsesjon. Reindrift utanfor det samiske reinbeiteområdet, $ 8. Vilkåra for den konsesjonsbaserte reindrifta må styrkast. Dette har vore eit punkt som Kontaktutvalet for reinlaga har peikt på i fleire møte, samtaler og i brev. Etter dagens reindriftslov § 8 om reindrift utanfor det samiske reinbeiteområdet, kan allmenningsstyret for inntil 10 år om gongen gi tillating til tamreindrift i bygdeallmenning. Tilsvarande tidsperiode gjeld for tamreindrift i statsallmenning, sjå Fjellova § 17. Dette inneber at reinlaga i dag må forhandle fram nye avtaler kvart tiande år. For å styrke vilkåra for reinlaga, ser Kontaktutvalet for reinlaga det som særs viktig å auke denne rama til 30 år. Ti år er ikkje mykje når ein gjer store investeringar. Det må også vera slik at fjellstyra som nektar reinbeite, må grunngjeva/dokumentera avslag og det må vera høve til å klage på vedtaket. Framtidig reindriftsforvaltning Kontaktutvalet meiner at det burde i større grad være klart kva som er fyrstelinjemyndigheit over for reindrifta. Det skal vel være Statsforvaltaren. Men kanskje skulle ein sjå på om ein skulle lage eitt Reindriftsdirektorat, der all kompetanse og ressursar er samla? I dag kan det av og til være litt uklårt kven som er riktig instans; Statsforvaltaren eller Landbruksdirektoratet. Med venleg helsing Leiar for Kontaktutvalet for reinlaga Bjørn Benrud, Vågå Styreleder ----------------------------------- Hallgeir Opdal, Fram Knut Maristuen, Filefjell -------------------------------------- ----------------------------------- Kristian Kjæstad, Lom -------------------------------------------- Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"