Dato: 09.10.2025 Svartype: Med merknad Kvinnherad kommune er positive til forslaget om å utvide høve til informasjonsdeling om elevar ved skulebyte. Vi meiner føremålet med å ta i vare enkeltelevar og tilsette ved å dele nødvendig informasjon er viktig og difor bør vege høgare enn personvernet til eleven som byter skule. Departementet ber om høyringsinstansanes syn på om delingstilgangen bør avgrensast til eit føremål om å forebygge valds- og trusselsproblematikk, for å ikkje gi vidare tilgang. Etter vår meining vil dette vere ei avgrensing som samtidig avgrensar føremålet som ligg bak lovendringa. Dersom delingstilgangen kun skal gjelde vald- og trusselsakar betyr det i utgangspunktet eit vanskeleg arbeid for skulen eleven vil byte frå, med at når ein skal dokumentere og vurdere informasjonen rundt situasjonar elevar er involvert i og kan vere årsak til, så må ein vurdere om situasjonen inneheld vald og/eller trugslar. Dette for å kunne vite kva informasjon ein eventuelt kan dele ved skulebyte seinare. Dersom føremålet er å ta i vare enkeltelevar og tilsette i vidare meining, vil vurderinga vere om det er hendingar der andre elevar eller tilsette har opplevd negative og øydeleggande hendingar, utan at det har vore vald eller trugslar. Informasjon om elevars sal av rus på skulens område er også brukt som døme som ville falt utanfor delingstilgangen. Dette er eit døme vi meiner den nye skulen bør få informasjon om, for å kunne førebyggje skulemiljøet ved eit skulebyte, og ta i vare elevane. Samtidig kan ei lovendring med utvida høve til informasjonsdeling gi eit signal om at informasjon om hendingar som er negative for skulemiljø eller arbeidsmiljø, vil kunne følgje eleven også ved skulebyte, slik at skulebytet ikkje blir ein slags kvilepute. Vi ser at informasjonsdeling på denne måten kan virke negativ for eleven som byter skule, då ein ikkje får høve til å starte med «blanke ark» men kan bli møtt med fordommar. Sett opp mot føremålet med å ta i vare elevar og tilsette på den nye skulen meiner vi likevel at dette skal vege høgare. Skulane skal også jobbe førebyggande og bygge «laget» rundt barnet. Vi meiner at det å få tilgang til informasjon som føreslått er med på å styrke dette arbeidet, i forhold til elevane som får ein ny elev til sitt skulemiljø. Departementet ber også om at ein tar stilling til ei mellomløysing ved å legge inn ein terskel om deling av kun vesentlege brot på retten til eit trygt og godt skulemiljø eller tilsette sin rett til forsvarleg arbeidsmiljø. Departementet meiner dette kan vere ein terskel som kan vere utfordrande og meir ressurskrevjande å praktisere. Vi er samd i denne vurderinga, og at det skal vere dekkande å bruke nødvendigheitsvilkåret som føreslått. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen