🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag til endringer i tobakksskadeloven med forskrifter (forbud mot f...

Johannes Mario Ringheim

Departement: Familiedepartementet
Dato: 29.08.2024 Svartype: Med merknad Eg begynte å røyke som 20-åring. Etter kort tid var det blitt ein vane og svært vanskeleg å slutte. I 2012 blei eg far og bestemte meg for å gjere eit forsøk på å slutte å røyke og prøvde for første gong e-sigarettar. På dette tidspunktet fungerte dei ikkje så bra som idag, men teknologien virka lovande så eg heldt fram med å utforske og prøve ulike modellar. Etter eitt år hadde eg funne noko som fungerte og var 100% røykfri. Overgangen frå tobakkssmak til ulike andre smakar som bringebær, vanilje o.a var også med på å distansere meg frå tradisjonelle sigarettar. Bruker framleis e-sigarettar som substitutt for røyking. Opplever ingen av dei negative helseeffektane som typisk er forbunde med røyking og er samtidig trygg på at det ikkje vil oppstå nokon tilbakefall sidan e-sigarettar gjer ei betre brukaroppleving enn tradisjonelle sigarettar. Eg håper at røykarar som ikkje greier å slutte på andre måtar ikkje blir oversett i dette nye lovforslaget og at utstyr og e-væske med nikotin framleis vil vere tilgjengeleg til ein pris som denne gruppa realistisk vil vere istand til å betale. Mange barn og ungdommar har røykarar i familien som vil ha positive helseeffektar ved å gå over til e-sigarettar ift å fortsette med tradisjonell tobakksrøyk. Å prøve å avgrense tilgangen er ikkje den einaste måten å takle rekruttering av ungdom o.a ikkje-røykarar til e-sigarettar. Hvis utbreiinga av dette er stor skjer det i eit land der salg av e-sigarettar med nikotin, og til personar under 18 år allereie er forbudt. Eg håper ikkje at dette lovforslaget fører til at den svarte marknaden utvider seg, sidan det kan føre til at eksperimentelle produkt vil florere som kan få alvorlege helsekonsekvensar. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"