Dato: 26.08.2024 Svartype: Med merknad Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i møte 26.08.24 fatta følgjande vedtak som innspel til høyringa: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget om at plikta til å foreta energikartlegging skal gjelde føretak som har hatt ein gjennomsnittleg årleg energibruk dei siste tre åra på 2,5 GWh. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at det skal stillast minst like strenge krav til energikartlegging innanfor statleg, fylkeskommunal og kommunal verksemd, som til andre føretak. Møre og Romsdal fylkeskommune oppmodar Enova til å nytte opplysningane frå innrapporterte energikartleggingar aktivt som kunnskapsgrunnlag ved evaluering av Enovas støtteprogram. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer spesielt å peike på forslaget om at kartlegginga skal inkludere forbruksprofilar for bruk av elektrisitet, som positivt. Betre utnytting av nettkapasitet vil bli særs viktig i åra framover og mykje kan gjerast utan at det treng å medføre store kostnadar. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslag til § 4 femte ledd om at kartlegginga skal identifisere moglegheita for kostnadseffektiv produksjon av fornybar energi til eigen bruk og moglegheita til å utnytte overskotsvarme. Samstundes foreslår fylkeskommunen at departementet gjer ei vurdering av om desse krava er tydeleg nok formulert, med den hensikt å redusere rommet for tolking omkring oppfylling av krava. Det må bli enklare å bygge ut små vasskraftverk for å auke kraftproduksjonen i Møre og Romsdal som er svært lav samanlikna med behovet. Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"