🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Revidert gjødselregelverk – høring av forslag til ny forskrift om lagring og bru...

HAFS Produsentlag TINE og Bondelaget i Fjaler og Hyllestad

Departement: Familiedepartementet
Dato: 20.06.2024 Svartype: Med merknad Høyring av forslag til ny gjødselvareforskrift frå HAFS Produsentlag TINE og Bondelaget i Fjaler og Hyllestad Generelt meinar HAFS produsentlag og Bondelaget i Fjaler og Hyllestad at ny gjødselbruksforskrift ikkje må bidra til bruksavvikling gjennom krav som ikkje er mogelege å oppfylle i vårt område slik dei står i forslaget i dag. Forskrifta må ikkje svekke melkeprodusentane si evne til å produsere meir og betre grovfôr for å auke sjølvforsyningsgraden på det enkelte bruk. Forskrifta må ikkje redusere Noreg si evne til å produsere mat. Slik forskrifta står i dag diskvalifiserer den marginalområda, som t.d HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund), der det er nasjonal politisk semje om at mjølkeproduksjonen SKAL ligge grunna at vi ikkje kan dyrke så mykje anna enn grovfôr i desse områda. Forskrifta MÅ innehalde mogelegheita for å trekke ifrå beitepresset frå hjort når det kjem til måling av avlingsnivå, då det er dokumentert at hjorten reiser med opp til 40-60% av avlinga i enkelte områder i Vestland. Risikoen er at våte, hjorterike områder slik som HAFS no vert dobbelt straffa med ny gjødselbruksforskrift – først tapt avling til hjort og så lågare avlingar grunna lågare gjødslingsnivå med innskjerpa fosfornivå. 1. Tidsramma for innføring av nytt regelverk den 01.01.25 er urealistisk. Tidlegaste realistiske dato for innføring av nytt regelverk er 2028 eller 2029, dersom ein skal ha mogelegheit til å tilpasse seg regelverket. Forskrifta utløyser investeringar i ei næring med svak investeringsevne. Dette må fylgjast opp med betydeleg auke i tilskotsordningane for utviding av gjødsellager og tak/dekke over eksisterande kummar, og det må gjerast raskt for at gardbrukarane skal ha mogelegheit til å få på plass utvida lagerkapasitet til 2028 eller 2029. 2. Siste spreiefrist er foreslått til 1. september, utan at korkje kommunen eller statsforvaltaren får mogelegheit til å endre eller utsette spreiefrist. Dette er svært uheldig for oss i HAFS, eit geografisk kystnært marginalområde med mykje nedbør og mykje myr/våt jord. Enkelte år regnar det så mykje at det ikkje er mulig å hauste andre eller tredje slått før ut i september – å legge spreiefristen den 1. september, utan mogelegheit til dispensasjon, er eit hån mot oss som driv i nedbørsrike områder og vil i beste fall utløyse betydelege tilleggsinvesteringar i gjødsellager. I verste fall vil det lede til avvikling av gardsbruk. Vi foreslår spreiefrist 15. september. Statsforvaltaren bør ha mogelegheit til å gje heile kommunar dispensasjon til 1. oktober i år med store klimatiske utfordringar. Endringane bør ikkje settast i verk før 2028/2029 grunna investeringsbehovet dette kravet utløyser. 3. Areal og køyreavstandar. I HAFS har vi mange små teigar og bruer med vektbegrensning. Mange bruk har lang køyreavstand til dei areala som ligg lengst vekke og det er ikkje tidsmessig realistisk eller økonomisk forsvarleg å køyre husdyrgjødsel til desse plassane. Grunna smale og svingete vegar er det heller ikkje mogeleg å leige containerbil til å transportere husdygjødsla. I praksis vert det ikkje køyrt gylle til desse stadane og gjødsla blir konsentrert til areal nærare driftseininga, der ein gjerne også tek fleire slåttar og driv meir intensivt. Det er naturleg at fosfor-nivået på disse areala er høgare. Grunna strukturendringar i landbruket er ein stor del av jorda som er i drift leigejord. Å investere og leggje til rette for satelittkum på leigejord medfører ytterlegare utfordringar og økonomisk risiko sidan ein investerer på annan mann sin grunn. Skal ein kjøpe arealet blir dette også ei betydeleg økonomisk belastning og det er naudsynt med tilskotsordningar for dette. 4. Kva er dei faktiske konsekvensane for «forureining» dersom ein IKKJE haustar eller beitar etter siste spreiing? Kva er den vitenskaplege grunngjevinga for denne reguleringa? Hausting eller beiting etter siste spreiing er enkelte år ikkje mogleg grunna nedbørsmengdene og jordtype. 5. Kva er kriteria som vil bli godkjent når ein er tvinga til å søkje om dispensasjon frå spreiefristen? Tel dødsfall i familien? Alvorleg sjukdom eller ulykke? Maskinhaveri? Ekstreme klimatiske forhold? Brann? Å ikkje ha mogelegheit til dispensasjon i slike tilfelle, i tillegg til stram økonomi frå før av, legg opp til dyrevelferdstragedier i vintermånadane då risikoen er at dyra vassar i møk i staden for at ein får dispensasjon. Det må gå an å drive som husdyrprodusent utan å bli kriminalisert dersom ein kjem opp i ein situasjon der ein ikkje har høve til å halde fristen grunna uføresette hendingar og personlege tragediar. 6. Alle beiter som er søkbare for tilskot må godkjennast for mineralgjødsel og som spreieareal for husdyrgjødsel. Forskrifta manglar mogelegheit for å etablere nye innmarksbeiter. Dette må endrast slik at det er mulig å etablere nye innmarksbeiter. Det må i tillegg vere mogeleg å søkje om dispensasjon for å få bruke husdyrgjødsel til kultivering av utmarksbeite. 7. Grensa for fosfor pr dekar må vere lik over heile landet, og forskrifta må ikkje særbehandle Rogaland som per dags dato er det område som har størst utfordring med overgjødsling av fosfor. Det er svært urimeleg at driftseiningar med like utfordringar i Rogaland og på Vestlandet elles vert handsama ulikt når det gjeld gjødsling med fosfor. Dei dyktige produsentane med store avlingar på vestlandet får eit anna forvaltningsregime enn alle bruk i Rogaland. Inndelinga for ulike reglar er ikkje målretta nok og kjem til å oppfattas som urettferdig. Konsekvensar av forslaget for vårt geografiske område med ei øvre grense på 2,3 kg fosfor pr dekar er at det kjem til å bli ei vesentleg innskjerping for mange gardsbruk som anten må auke arealet eller redusere produksjonen, noko som i sin tur vil ha store konsekvensar for dei som har satsa dei siste 10-15 åra. Det vil bli store konsekvensar for dei som kjøper mykje fôr og truleg då endar opp med for mykje husdyrgjødsel. 8. Føreskrifta må spegle at ulike areal som vert drifta av dei enkelte bruka vert drifta på ulike måtar. Det må vere mogeleg å drifte gode nærliggande areal som blir hausta ofte med regimet balansegjødsling, og øvrige marginale areal med grense for fosfor pr dekar. 9. Eit ekstremt viktig punkt, som ikkje er nemt i forslaget, er skadepress frå hjort. Det er eit registrert avlingstap på opp mot 70%, i snitt kring 30%, grunna hardt beitepress frå hjort i Vestland (NLR, NIBIO). Område med dokumentert stort beitepress frå hjort MÅ få fråtrekk for avlingstap til hjort. Enkeltbønder kan vise til avlingsauke på minst 60% ved inngjerding med hjortegjerde rundt heile garden. Dette viser at avlingstap grunna hjortebeiting er betydeleg og dette må takast omsyn til i ny gjødselbukforskrift. Enkeltbønder med store beiteskader og reduserte avlingar grunna hjort må ikkje bli tvinga til å redusere gjødsling grunna låg hausta avling då dette kjem til å gå ut over både mengde av og kvalitet på grovfôret. Det same gjeld avlingsreduksjon grunna skade av gås. 10. Kva er den vitskaplege grunngjevinga for å ta så hyppige jordprøver for å måle fosfornivået (kvart 4.år)? I følge NIBIO går det lang tid før fosfornivået i jorda endrar seg. Det er store måleuvisse både i jordprøvetaking og -analyser, og det er tvilsamt at sjølv kraftige fosforoverskot vil vere mogelege å måle med dagens metodar over så korte periodar. Det er også verdt å notere at tap av partikulært fosfor ikkje vert drøfta i det heile i forskrifta slik den ligg no, sjølv om ein veit at det er den viktigaste tapskjelda. Det vert vidare ikkje skilt mellom åker og eng, sjølv om det er større fare for tap av partikulært forsfor frå open åker/bar jord. Det er ikkje forsvarleg å pålegge ei allereie hardt økonomisk pressa næring endå ein kostnad med hyppig jordprøvetaking av «innleigd konsulent» og analysekostnadar på så vitskapleg svake og tvilsame grunnar. Rakel Bakkebø, Bondelaget i Fjaler og Hyllestad Anna-Linnéa Rundberg, leiar i HAFS Produsentlag Landbruks- og matdepartementet Helse- og omsorgsdepartementet Klima- og miljødepartementet Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"