🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2024: 4 "Voldtekt - et uløst samfunnsproblem"

Stiftelsen Kvinneuniversitetet i Norden

Departement: Familiedepartementet 3 seksjoner

Eit massivtt løft for å førebygge valdtekt

Kvinneuniversitetet i Norden støttar fullt ut forslaget om eit massivt løft for å førebygge valdtekt. Utvalet viser til kor stor effekt haldningsskapande arbeid kan ha for å løyse store samfunnsproblem og det blir mellom anna vist til korleis arbeidet med røykelova kunne snu ein svært vanskeleg helsesituasjon gjennom omfattande haldningsskapande arbeid. Vi er overtydde om at dette er mogleg å gjennomføre for å førebygge valdtekt.

Kvinneuniversitetet i Norden understrekar viktigheita av at forslaget om eit massivt løft i førebygging av valdtekt blir sett ut i livet og at det blir stilt nødvendige økonomiske midlar til disposisjon for å gjennomføre tiltaka. Vi vil her peike på nokre problemstillingar og forslag som kan gå inn i eit slikt massivt løft:

- Viktig med ei forskingsbasert tilnærming. Det er stor motstand i samfunnet mot kunnskap på dette feltet. Viktig å problematisere denne tabukulturen. Kvifor er det slik? Den kunnskapsbaserte og forskingsbaserte tilnærminga til problemfeltet må vise seg i den offentlege debatten om dette store samfunnsproblemet. Det trengs difor eit generelt opplysningsarbeid i samfunnet om menns vald mot kvinner, kva som kjenneteiknar slik vald, kva som er konsekvensane for dei er offer, konsekvensane for dei barna som veks opp og er vitne til slike overgrep, og dei samfunnsmessige konsekvensane. Dette gjeld både menns vald mot kvinner i nære relasjonar, men det gjeld og menns vald mot kvinner på arbeidsplassar, utdanningsinstitusjonar, og i samfunnet generelt, både i det offentlege rom og privat. Kunnskap om lovverket er viktig for å førebygge valdtekt. Kvinner og menn må få kunnskap om kva lovverket og dermed samfunnet, har sett som standard og at det er nulltoleranse for seksuelle overgrep, vald og valdtekt. Ei viktig målsetting med lovverket er at det kan vere haldningsskapande og på den måten førebygge overgrep. Slikt primærførebyggande arbeid har i liten grad vore prioritert. Kunnskap om lovverket, kunnskap om kvifor vi har eit slikt lovverk og forståing for at retten til eit liv utan vald, stiller krav til alle offentlege og private institusjonar. God kunnskap om lovverket vil gjere det lettare for folk flest å førebygge vald. Har vi ein kunnskaps- og forskingsbasert innsikt, vil fleire kunne ta avstand frå menn si vald mot kvinner og dermed hindre legitimering av slik vald.

- Dokumentere og hindre menns vald mot kvinner på arbeidsplassar, utdanningsinstitusjonar og i det offentlege rom. Pålegge institusjonar og arbeidsplassar å ha handlingsplanar og varslingssystem om menn si vald mot kvinner.

-Dokumentere og hindre menn si vald mot kvinnergjennom porno og prostitusjon. Initiere forsking om korleis porno og prostitusjon har konsekvensar med omsyn til legitimering av menns vald mot kvinner.

- Vedta ein samtykkelov som synleggjer at berre eit ja er eit ja. Ein slik lov vil vere haldningsskapande og vil kunne bidra til eit massivt løft for å førebygge valdtekt.

- Viser til artikkel i Kilden, magasin for kjønnsforsking, 16. nov. 2023. forskar Hilde Slotten viser til at det er mykje seksuell trakassering mellom ungdom og på ungdomsskolen. Jentene blir kalla for hore, dei blir tatt på kroppen ufrivillig, gutane trakasserer jentene når jentene seier noko som dei er ueinige i osv. Jentene opplever at dei må berre godta situasjonen. Seksuell trakassering blir normalisert. Lærarane reagerer i liten grad, det er eit stort behov for kunnskap på feltet. debatten som #metoo skapte i samfunnet elles, har i liten grad fått innverknad for arbeidet mot seksuelle overgrep i skolen.

Handlingsplan for likeverd i grunnskolen, barnetrinnet.

Det er nødvendig å starte tidleg for å skape respekt og likeverd mellom kjønna. Gutane må lære å respektere jentene sine grenser.

Universitets- og høgskolestudium om menn si vald mot kvinner.

Det bør stillast økonomiske midlar til disposissjon slik at høgare utdanningsinstitusjonar som vil gjennomfføre eit slikt studium, kan søke midlar til eit studium på minimum 15 studiepoeng og gjerne 30 studiepoeng (eit halv års studium). Øremerka midlar til eit slikt studium kan vere avgjerande for at institusjonane vil prioritere tiltaket. Dersom det førebyggande arbeidet har forslag om handlingsplanar for tiltak i grunnskolen og i vidaregåande skole, vil det bli etterspørsel om kunnskap på dette feltet. Eit universitets- og høgskolestudium vil ha stor verdi for å auke kunnskapen i samfunnet generelt og dermed ha primærførebyggande effekt.

- Eit universitets- og høgskolestudium om menns vald mot kvinner, vil kunne gjennomførast på bakgrunn av dei klåre oppmodingane i Valdtektsutvalet om eit massivt løft i det haldningsskapande arbeidet. Kvinneuniversitetet i Norden har gjennomført eit slikt utdanningstilbod i samarbeid med tidlegare Høgskolen i Nesna og med prosjektmidlar frå Justisdepartementet. Tilbodet stoppa opp fordi vi ikkje klarte å skaffe vidare finansiering etter prosjektperioden. Valdtektsutvalet seier at valdtekt som ssamfunnsutfordring og folkehalseproblem er underkommunisert og i liten grad blir prioritert i fordeling av offentlege ressursar. Kvinneuniversitetet i Norden kan skrive under på den analysen.