Dato: 14.06.2024 Svartype: Med merknad Vedtak i Gulen kommunestyre 13. juni 2024: Gulen kommune si fråsegn til nye statlege planretningsliner for arealbruk og mobilitet er slik: Til retningslinene generelt Gulen kommune stiller seg positiv til at dei nye retningslinene nyanserer mellom større byer og distriktsområder. Kommunen ligg innanfor gul sone der utgangspunktet er gjeve som: «I distriktsområder med lavt utbyggingspress, lavt folketall og/eller negativ befolkningsutvikling skal retningslinjene særlig bidra til utvikling av levedyktige lokalsamfunn.» Generelt sett passer essensen i dei generelle retningslinene med dei momenta som kommunen allereie legg inn i sine vurderingar. Hovudinnhaldet som gjeld for distriktskommunar (kap 5) er òg omsyn som kommunen i dag nytter i sine avgjerdsprosessar. Vi ynskjer likevel å peike på einskilde punkt som vi finn uheldig i høyringsframlegget; Generelt ber vi om at det blir tatt ein gjennomgang av ordlyden for når retningslinene viser til at kommunen «skal» eller kommunen «må « - opp i mot - om kommunen «kan» eller kommunen «bør». Kva som er lovmessige vilkår og kva som er anbefalingar bør vere tydeleg og klårt. Til kapittel 3- generelle retningslinjer Kapittelet tek ikkje i tilstrekkeleg grad ta omsyn til dei spredtbygde små kommunane. Dette gjeld til dømes krav om kollektivtransport og kva som er akseptabelt transportbehov. Det bør leggast inn kriterium for den skjønnsmessige vurderinga av kva som er «minimalt transportbehov», til dømes omsyn til interessemotsetningar mellom bustad og næring som ved risiko for utslepp, støy, lukt eller andre ulemper frå slike verksemder tilseier god avstand til buområder. I tillegg legg ikkje retningslinene opp til å sjå på status i den einskilde kommune verken for nylege reduksjonar innan klima, eller for veldig låge tal for bebygd areal. Ein må kunne ta høgde for vekst, og ikkje eit status quo i distrikta. Gode samla arealvurderingar er viktig, men dei distrikta som er i vekst kan ikkje løyse utviklinga berre med fortetting. Utvikling av dei kollektive løysingane vil òg ofte ha eit etterslep som lyt takast med. Til kapittel 5. - stedsutvikling og boligbygging. Her blir sett eit absolutt «skal» krav om å utvikle og legge til rette for bustadar og tenester ved stadsutviklinga. Vidare at dette gjeld både mindre tettstader og spreiddbygde områder. Vi oppfattar òg eit krav om å vurdere «bebyggelsesstruktur, møtestruktur……….mv». Her meiner kommunen det er ikkje er arbeidd tilstrekkeleg med aktuelle verkemiddel, i dei tilfelle kommunen ikkje sjølv skal drive utbygging. Kommunen manglar variasjon av verkemiddel i samhandling mellom kommune og næringsliv. Vidare er det rom for tolkingstvil når ein på generelt grunnlag viser til tenester. Det går ikkje fram om dette gjeld krav til at all stadsutvikling skal ha nærleik til eit minimum av offentlege tenester, til dømes sjukeheim, bustadar til miljøtenesta og helse. Når det gjeld bør-faktorane i dette kapittel, så skapar desse eit uklårt bilete. Både det at desse kjem innimellom «skal»-faktorane, og at skjønnselementa for den lokale avgjerdsmynda ikkje kjem til uttrykk. Til kapittel 6- retningslinjer for beslutningsunderlaget I kapittelet blir det lagt opp til at kommunen er avhengig av regionale avstemmingar. For kommunane som kontinuerleg arbeider aktivt med praktisering av desse retningslinene, kan dette kriteriet blir vanskeleg i praksis. Vi ser behov for å klarlegge kommunen sin rolle for føringane av dei regionale tilhøva. Det bør leggast inn ei overgangsregulering. Dette gjeld særleg for dei kommunar som er i prosess med rullering av arealplan. Retningslinene kunne med fordel vist til innhald i kommunen sin arealstrategi. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"