🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning og fors...

Høgskolen i Innlandet

Departement: Familiedepartementet
Dato: 07.06.2024 Svartype: Med merknad Svar på høyring – Forslag om endringar om opptak til høgare utdanning og forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning Høgskolen i Innlandet(HINN) viser til høyringsnotat av 23.april 2024 om forslag til endringar i nivåkrav ved opptak til høgare utdanning og opptak til praktisk-pedagogisk utdanning. HINN gir med dette innspel til høyringsnotatet. HINN meiner det er uheldig å innføre endringar i nivåkrava for lærarutdanning og sjukepleiarutdanningane allereie i inneverande års opptak. Det vil bli veldig vanskeleg å handtere to ulike opptakskrav til same studie innanfor same opptak. Også for søkarar vil dette vere uoversiktleg og ikkje lett å forstå. Same søkjar kan få avslag på eit studieønskje 20 juli på grunn av manglane dekking av opptakskrav, medan man 21 juli dekker dei same krava. Informasjon til noverande og potensielle nye søkjarar må koordinerast og sendast ut så rask som rå er av Samordna opptak. HINN meiner at fjerning av nivåkrav på lærarutdanning og endring av opptakrav til PPU bør utgreiast nærmare før dette kan vedtakast. Slik situasjonen er nå, er kunnskapsgrunnlaget for svakt med tanke på konsekvensane både på kort og lang sikt. Det er også uklart kor store konsekvensar fjerning av nivåkrav vil ha for ressursbruk ved institusjonane når det gjeld kompenserande tiltak. Dei ulike institusjonane har ikkje nødvendigvis dei økonomiske verkemidlane som skal til for å komme med tilstrekkelege kompenserande tiltak. Det er også stor usikkerheit knytt til kva stor effekt kompenserande tiltak eventuelt vil ha. På bakgrunn av dette har HINN berre søkt dispensasjon frå nivåkrav i matematikk for lærarutdanning som ikkje innehar matematikk som fag. HINN støttar ikkje forslaget om å oppheve nivåkrava for opptak til sjukepleiarutdanninga. Frå eit fagleg ståstad har sjukepleie som profesjon ei lang historie med å kjempe for behovet for å bygge utdanninga på eit teoretisk fundament. Vår vurdering er at sjukepleiaryrket stille høge krav til kompetanse, der forankringa i et solid teoretisk kunnskapsgrunnlag inngår. Den store bekymringa er at kvaliteten på dei uteksaminerte sjukepleiarane senkast med fjerning av nivåkrava. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"