Svar på høyring om endringar av nivåkrav - opptaksforskrifta og PPU-forskrifta
Høgskolen i Molde, Vitenskapelig høgskole i logistikk, viser til høyringsbrev frå KD datert 23.4.2024 mellom anna med forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning.
Høgskolen støttar forslaget om å fjerne nivåkravet i norsk og matematikk til sjukepleie. Høgskolen har lang erfaring med at forsterka undervisningsopplegg vil gi studentane det forventa læringsutbyttet, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje har 3 i norsk og/eller matematikk frå vidaregåande skole.
Dersom det blir ei overgangsordning, vil høgskolen nytte seg av ordninga for å tilby ledige studieplassar til søkjarar gjennom eit lokalt opptak allereie i 2024. Rett nok vil det være krevjande både kommunikasjonsmessig og tidsmessig å lyse ut og gjennomføre eit opptak frå 20. juli til studiestart 14. august.
Vi har ingen andre kommentarar til dei andre forslaga i høyringa.