🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – registrering av aktivitet fra privatfinansiert helse- og omsorgstjenest...

Allmennmedisinsk forskningsenhet, ISM, NTNU

Departement: Familiedepartementet
Dato: 26.05.2024 Svartype: Med merknad Høyring – Registrering av aktivitet frå privatfinansiert helse- og omsorgsteneste og krav til format for avlevering Allmennmedisinsk forskingseinheit (AFE) i Trondheim og fageining for allmennmedisin ved NTNU takkar for moglegheita til å komme med høyringssvar. Vi støttar klart forslaget om å inkludere aktivitet frå privatfinansierte helse- og omsorgstenester i NPR og KPR. Det manglar mykje kunnskap om bruken av privatfinansierte helse- og omsorgstenester. Ein kan anta at aukande tilbod av private helsetenester medfører auka, men omfanget og konsekvensar er i dag ukjent. Rapportering av aktivitetsdata også frå private aktørar er ein føresetnad for å skaffe oversikt over befolkninga si helse og helsetenestebruk, samt for å kunne planlegge, styre og evaluere helsetenestene. Heilprivate helsetenester kan ha konsekvensar også for den offentleg finansierte helsetenesta. Heilprivate aktørar kan dekke behov den offentlege helsetenesta elles måtte ha dekka, samtidig kan private aktørar skape behov for oppfølging frå den offentlege helsetenesta. Dersom terskelen for utgreiing og behandling hjå heilprivate tilbydarar skil seg frå terskelen i den offentlege helsetenesta, er det ein risiko for overdiagnostikk og overbehandling. Fordi oppfølging av mogelege funn kan bli ei oppgåve for den offentlege helsetenesta, har aktivitet i heilprivate tenester også konsekvensar for det offentlege. Dette kan også ha konsekvensar for prioritering av tilgjengelege ressursar i offentleg helseteneste. Forholdet mellom privatfinansierte og offentlege helsetenester må forvaltast basert på etterprøvbar kunnskap om tenestene, og rapportering av privatfinansierte tenester er ein føresetnad for dette. Personvernet må ivaretakast ved handtering av helseopplysingar. Vi ser likevel ikkje nokon grunn til å gi sterkare vern for opplysingar frå privatfinansierte helsetenester enn for opplysningar frå offentlege helsetenester. Vi meiner at omsynet til personvern er tilstrekkeleg ivareteke av dagens lovregulering av NPR og KPR. Vi har ingen kommentarar til formatet aktivitetsdata bør rapporterast i, så lenge omfang og detaljeringsgrad er på nivå med rapportering frå offentlege helsetenester. På vegne av Allmennmedisinsk forskingseinheit i Trondheim og Fageining for allmennmedisin og medisinsk etikk ved NTNU Gunnhild Åberge Vie https://www.ntnu.no/ism/allmennmedisin Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"