Dato: 26.04.2024 Svartype: Med merknad Barnehage Rapporten ‘Et jevnere utdanningsløp – Barnehage og skole/SFO som innsats mot ulikhet’ går i stor grad på akkord med mine verdiar som barnehagelærar og lærarutdannar og eg har difor fleire kritiske innspel til forlaga som er føreslegne: Forslag eg ikkje kan støtte Mandat: Intensjonane som ligg til grunn for denne rapporten er kanskje gode, men eg stiller meg kritisk til sjølve grunnlaget for mandatet. Mandatet har nærast eit klinisk blikk på førebygging av sosiale skilnadar. Store delar av arbeidsstokken i barnehagane er ufaglærde og ingen av pedagogane er verken terapeutar, psykologar eller sosialarbeidarar. Eg meiner at sjølve mandatet for rapporten bryt med eller ligg utanfor både profesjonsmandatet og samfunnsoppdraget til barnehagane og barnehagelærarane. Lærarane i barnehagen skal initiere og legge til rette for å fremje eit pedagogisk tilbod, ikkje drive målretta førebygging. Jamfør forsmålsparagrafen i Lov om barnehagar der respekten for menneskeverdet står sterkt. Det gjer det berre tilsynelatande i denne rapporten. Eg vil klargjere dette ytterlegare i underpunktet om etikk og syn på barn. Samansetninga av utvalet: Når ingen av forskarane i utvalet er lærarutdanna, kjem frå profesjonen eller profesjonsutdanningane, signaliserer Kunnskapsdepartementet at de ikkje har tillit til profesjonens faglege kvalifikasjonar. Barnehagelærarar er ekspertar på barns utvikling, leik og læring og kan ivareta barnehagane og skulen sitt verdigrunnlag og vi opplever her å bli ekskludert. Det er grunn til å spørje om kvifor utvalet har unnlate å inkludere professorar i barnehagepedagogikk. Er dei for lite kliniske? Tatt i betraktning dei sterke eigeninteressene som forskarane i dette utvalet har, verkar det som ei underleg vurdering å ekskludere profesjonsfeltet. Eigenutvikla program som tiltak : I doktorgradsprosjektet mitt ser eg nærare på barnehagelærarane sine opplevingar av arbeid med standardiserte program. Bruk av program er ikkje eit nytt fenomen i barnehagekontekst. Det kom på 90-talet og er i dag ein svært utbreidd praksis i norske barnehagar samanlikna med til dømes nabolandet vårt Sverige. Det betyr også at kvalitetsundersøkingane som er vist til og som syner store kvalitetsskilnadar i norske barnehagar, som til dømes GoBan, er bygde på norske barnehagar som alt nyttar opp til fleire standardiserte eller evidensbaserte program. Likevel vert program føreslege som eit «nytt tiltak» som skal utjamne forskjelar. Med den utstrekte bruken som alt er praktisert i norske barnehagar, må det vere godt grunnlag for å hevde at programma ikkje kan ha verka etter intensjonane, sidan det i 2023 vart sett ned eit utval for å utjamne problem som framleis er identifiserbare. I eige doktorgradsprosjekt, melder barnehagelærarane som nyttar nokre av dei programma som er føreslegne, at dei ikkje er godt nok tilpassa barnehagekontekst og set dei i moralske dilemma når dei vert brukt i arbeid med barna. Barnehagelærarar ser ikkje på fleire program eller verktøy frå ekspertar som ei løysing, berre «endå noko nytt som dei får tredd ned over hovudet». I ei undersøking gjort av Lund et al. (2022) synte at barnehagar i Vikenområde alt brukar tre program eller fleire. Dette går på bekostning av barnehagelærarane sitt pedagogiske skjønn og faglege autonomi. Barnehagelærarane våre vert stadig frårøva rom for å påverke innhaldet i barnehagen. Dei fortel at dei ikkje får ta stilling til kva program som skal innførast. Viss Kunnskapsdepartementet hadde valt å uroe seg over kvifor så mange barnehagelærarar forlet yrket, er muligens nokon av årsakane å finne her. RCT-intervensjonar (randomiserte kontrollerte studiar) som er hyppig brukte som referansar i rapporten, er en vitenskaplig metode for å undersøke effektar av en bestemt type intervensjon/behandlig. Studiane tillet slutningar om kausalitet, det vil si at programma får status som nødvendige aktørar i feltet. Ei rekke RCT- publikasjonar understøttast i rapporten og vert nytta som argument for å innføre effektiltak. Effektstudiar brukt i barnehage og skule har inga plikt til å registrere eventuelle bieffektar som oppstår under intervensjonen. Det kan ha utilsikta innverknad og det vert slik uråd å seie noko sikkert om kva som eigentleg verkar. Eg reagerer på at mindre kvalitative studiar som seier noko om innhaldet og kvardagen i barnehagen vert neglisjert til fordel for RCT studiar der barn og personalet har blitt drilla. Leik: Noko av det som gjer denne rapporten kontroversiell, er definisjonen av omgrepet leik. Leikbaserte læring er ikkje leik. Leikbasert læring og rettleia leik er per definisjon vaksenstyrte aktivitetar. Dette finst alt i norske barnehagar. Barnehagane har ein Rammeplan å forhalde seg til. Leik spring ut av ei indremotivert kraft i barnet og er definert av barn. Om utvalet ynskjer seg meir vaksenstyrte aktivitetar bør dei skrive det og ikkje kalle det leik, for den metoden som er skildra i rapporten her manglar dei tradisjonelle kjenneteikna på leik. Å kamuflerer læring ved å kalle det leik er med på å fortrenge leiken som alt er truga av knapp tid i barnehagen. Leik er eit grunnleggande fundamentalt behov hos alle pattedyr, og er ei god vaksine mot psykisk uhelse i motsetnad til læringspress. Om utvalet likevel insiterer på at organisert og rettleia leik kan koplast til tradisjonell leik, vil det likevel ikkje bli det, og det er fordi leiken er ein naturleg del av barns væren. Kven skal utdanne barnehagelærarar: Det er i dag lærarutdanningane som utdannar barnehagelærarar. Ved å innføre CLASS som nasjonalt tiltak, eller liknande program, flyttar ein også ansvaret til eksterne (og tilfeldige?) i feltet som kan ha økonomisk vinning som formål og opnar med dette for å la eksterne aktørar definere innhaldet i barnehagen. Løpande opptak: Løpande barnehageopptak er eit forslag som høyres fint og brukartilpassa ut, men sædeles krevjande for barn og tilsette som gjennomgåande må tilvenne nye barn i gruppa. Tenk over kor mange relasjonar det er i ei barnegruppa. Alle skal tilpasse seg det nye barnet som kjem. Det gjer at barnegruppene aldri frå «sette seg» ordentleg. Det er krevjande å drive pedagogisk arbeid når ein av dei få tilsette på ei avdeling alltid er oppteken med å vere kontaktperson under stadige tilvenningar. Igjen, så må ein tenke over kven barnehagen eigentleg er for. Kven er brukarane av barnehagen? Mange trur det er foreldre, men det er barn - og dei fortener eit kvalitativ godt tilbod. Forlaget gjer det endå mindre attraktivt å bli barnehagelærar. Etikk: Barnesyn Rapporten avdekker eit syn på barn som bryt med verdigrunnlaget i Rammeplanen. Barnet blir i denne rapporten brukt som ei middel (objekt) for å nå eit mål. Barn har ein eigenverdi og det har også barndomen. Barnet er eit subjekt. Rammeplan for barnehagar forpliktar barnehagelærarar til å ha fokus på her og no og ivareta barndomens eigenverdi. I rapporten ligg fokuset på kva barnet skal bli framfor kva dei er , og reknar ut verdien av eit barn i brutto nasjonal produkt (BNP). Program som vert føreslegne som tiltak bygger på verdiar som strir mot barnehagelærarar sitt menneskesyn. Fleire tidlegare høyringar har synt at barnehagelærarane er motstandarar av obligatorisk kartlegging av barns ferdigheiter. Likevel ser det ut for at denne rapporten igjen vil bringe dette på bana. Det er kritikkverdig at ekspertutvalet ikkje har sett seg inn i dette. Oppretting av nasjonalt forløpsregister med individdata ser ikkje ut til å vere tilstrekkeleg grundig utgreia med tanke på at dette grip djup inn i det enkelte barnet sitt personvernomsyn. Forslag eg støttar Bemanning: Barnehagane treng at fleire utdannar seg til barnehagelærarar slik at ein kan få full pedagogdekning. Om ein held fokus på å styrke bemanningsnorma i tillegg, auka bemanning kan muligens bidrag til at nokre av dei sosiale skilnadane som gjorde at dette utvalet vart sett ned utjamnar seg sjølv. Det er problematisk at utvalet argumenterer med at barnehagelærarane har låg utdanning for å innføre tiltak, for det stemmer ikkje. Alle barnehagelærarar har ei 3-årig bachelorgrad, mange har vidareutdanning i leiing og estetiske fag, og i dag finst det og barnehagelektorar i et uttall barnehager. Utfordringen for å ivareta kvalitative gode barnehager er etter mitt skjønn, politisk satsing på tilstrekkeleg bemanning. Generelt: Rapporten har fokus på barnet. Det er viktig at tiltak som vert innført ikkje går på bekostning av barnehagelærarane. Vi treng dei vi har! Elin Førde Doktorgradstipendiat ved Institutt for pedagogikk, Barnehagelærar med 18 års ansiennitet, Høgskulektor og lærarutdannar ved Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"