Referanse: 201827 Dato: 20.04.2024 Svartype: Med merknad Fri leik er ei forutsetning for sjølvstendige, trygge, robuste, uthaldande, løysingsorienterte, konfliktløysande, empatiske blivande vaksne. Tek ein vekk den frie leiken vil ein skape usjølvstendige vaksne. Les "Skolen er ikke for alle" av Stien-Leenderts (2023) "Generations" av Twenge (2023) "iGen" av Twenge (2017) "Anxious generation" Haidt (2024) "Ståle fokus" av Hari (2023) "Leik i eit nevrovitenskapelig perspektiv" Lunde og Brodal (2022) Språkhjernen" Lobben (2023) Ta leiken frå borna og du får usjølvstendige og sarte arbeidstakarar som tåler lite og vil falle ut av arbeidslivet i stor skala. Vi har allereie stjåle leiken i stor grad frå barneskulen ved einsidig fokus på grunnleggande dugleikar og prøveregime. Vi ser at statistikken går feil veg med aukande utenforskap blant unge vaksne og vald i tidleg tenåra. Ein del av årsaka er at born opplever å ikkje lukkast i regimet vi har laga og at dei ikkje får opparbeida dei grunnleggande biologiske evnene som er ei føresetnad for å lukkast som vaksne. Forslaga til utvalet er feil medisin, gammal medisin, utdatert medisin, vi veit betre no. Det er ein haug med nyare forsking som viser at reknestykket dei legg til grunn er feil, fordi det fører til meir av det som går gale no. Utenforskap og dermed økonomisk samfunnstap. Born finn seg sjølve i leiken, det er naturens måte å skape gode, trygge, arbeidsame, uthaldande vaksne som kan ta seg av neste generasjon. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"