🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til lov om aldersgrense for bruk av sosiale medier

Amalie

Departement: Familiedepartementet
Dato: 06.10.2025 Svartype: Med merknad Når eg gjekk på barneskulen på mot slutten av 00-talet, hadde me nettvettsundervisning. Noko av det som vart lagt mest vekt på der, var viktigheita av anonymitet. Å gje frå seg so mykje som initialane sine var omtrent på nivå med å spikre si eiga kiste, og gud forby at ein kom på å nytte faktisk namn. No ynskjer departementet å krevja at sosiale medietenester (utan noko god eller konsekvent definisjon av nett kva det skal vera) skal samle inn nett den typen data om brukarane sine, for å handheva ei aldersgrense som skal verne om barn. Barn skal stengast ute av samfunnsdebatten, og minoretsbarn - blant anna skeive barn, som eg òg var eitt av - skal stengast ute frå mogleg ein av dei einaste stadane dei kan finne informasjon som kan hjelpe dei med å finne ut av seg sjølv. Samstundes såg me no berre for eit par dagar sidan ei massiv datalekkasje hjå Discord som følgje av nett denna typen krav i Storbritannia. Ynskjer regjeringa verkeleg at heile Noregs befolkning skal påleggjast å utlevera personalia til privateigde techgigantar - om so norske, amerikanske eller utanlandske elles? Ynskjer regjeringa verkeleg å gå til åtak på alt som heiter eit fritt nett? Ei veileiiande aldersgrense kan vera fornuftig, men detta forslaget vil vera eit særs autoritært trekk, på nivå med land med ikkje på noko vis ynskjer samanlikne oss med, utløyst av rein moralpanikk og foreldres ynskje om at staten skal gjera jobben deira for dei. Eg håpar at regjeringa tek til vettet, og skrinlegg detta opplegget. Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"