Dato: 11.04.2024 Svartype: Med merknad Høyring av FAT april 2024 Felleskjøpet Agri viser til høyringsnotat frå departementet av 27.02.2024. Departementet sender her utkast til endringar i forskrift 22. desember 2005 nr. 1723 om administrative nedsettelser av tollavgiftssatser for landbruksvarer (FAT) og endringar i forskrift 10. oktober 2008 nr. 1132 om fordeling av tollkvoter for landbruksvarer (tollkvoteforskrifta) på høyring. Endringsforslaga tek i hovudsak sikte på å legge til rette for gjennomføring den nyetablerte ordninga med beredskapslagring av matkorn. Departementet foreslår mellom anna at eventuelt behov for å importere matkorn for å oppfylle kontraktane om oppbygging av beredskapslageret skal skje gjennom eigne kvotar til dei aktuelle aktørane utover kvotar for ordinær suppleringsimport. Felleskjøpet avgrensar sine kommentarar til endringsforslag knytt til dette spørsmålet. I oppbyggingsfasen er det lagt opp til at overskott av norsk korn kan bli brukt til å bygge opp beredskapslager. Overskott etter ein sesong blir fastsett i mai kvart år og lagt på reguleringslager etter avtale med marknadsregulator og blir halden utanfor marknaden til medio oktober det same året. Departementet viser til at det i dei fleste åra blir regulert tilstrekkelege kvanta korn til å dekke behovet for oppbygging av lager. Normalt søkjer marknadsregulator å avgrense overlagring til kvanta som det er grunn til å vente kan bli brukt i den påfølgjande sesongen. I perioden 2001 – 2019 vart overlagra matkorn alltid brukt opp i sesongen etter Etter avlingsåra 2019 og 2020 vart det bygd opp lager av klasse 1 (Mirakel) som så vart bygd ned i sesongane 2021/22 og 2022/23 Etter sesongen 2022/23 ble det bygd opp nytt overskott av klasse 1 og 2, som blir brukt opp i sesongen 2023/24. Felleskjøpet er difor einige i at det er fornuftig å vente med konklusjon om kvanta norsk korn som kan nyttast til å bygge opp beredskapslager, til behovet for overlagra vare i påfølgjande sesong er avklart. Då vil vi kunne oppretthalde høgare andel norsk korn i matkornforedlinga i den løpande produksjonen, medan oppbygginga av beredskapslager i tilsvarande større grad kan måtte bli basert på importert korn. I notatet blir det foreslått å avgjere kva som er behovet for import for oppbygging av beredskapslagring i oktober. Felleskjøpet oppfattar at departementet legg til grunn at bransjen på det tidspunktet har oversikt over kvanta overlagra vare som det ikkje vil vere marknad for i den påbegynte sesongen. Vår erfaring tilseier at det vil vere vanskeleg å lage ei prognose for tilgang og forbruk medio oktober som er betre enn prognosen i august/september. Andelen av kveiten som innfrir krava i jordbruksavtalen til matkorn i stor grad vil vere kjent. Men både kvantum og klassefordeling og andre eigenskapar som påverkar bakekvaliteten til den nye avlinga er lite kjent på det tidspunktet. Det vil medføre at marknadsregulator i oktober må vere meir restriktiv med tanke på å definere overskott som del av nytt overskott og å foreslå supplerande import enn vi vil kunne vere på seinare tidspunkt. Ein risikerer då å halde tilbake for mykje av overskottskorn frå den førre sesongen. Den første samla evalueringa av bakeeigenskapane til matkveiten blir gjort i andre halvdel av oktober. Industrien brukar perioden oktober-november til å utforske eigenskapane til den nye norske avlinga. Felleskjøpet tilrår at prognosen i november blir lagd til grunn for tildelinga av ekstra kvotar for oppbygging av beredskapslager. Marknadsregulator sin prognose vil definere behov for suppleringsimport som tek omsyn til at ein del overlagra korn eventuelt ikkje vil bli brukt i sesongen. Dette eventuelle ekstra suppleringsbehovet vil bli lagt ut på auksjon for alle aktørar i bransjen. Felleskjøpet er einig i at eventuelle ekstra importbehov for å kunne bygge opp beredskapslager må fordelast utanfor eller som tillegg til ordinære suppleringskvoter. Vi har ingen merknader til modellen for fordeling som er omtalt i samband med endring av tollkvoteforskrifta § 41f. Med vennleg helsing Felleskjøpet Agri SA marknadsregulator korn Astrid Een Thuen Sindre Flø Seniorrådgjevar Seniorrådgjevar Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"