Dato: 08.04.2024 Svartype: Med merknad Aukra kyrkjelege fellesråd vil gi følgjande høyringsuttale til utkast til forskrift om tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg: Aukra kyrkjelege fellesråd helsar ordninga med tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg velkommen. I mange kommunar er det vanskeleg å få løyvd nok pengar til kyrkjevedlikehald, noko som kan føre til forfall og uerstattelege tap av kulturminneverdiar. Det er positivt at programmet legg vekt på kunnskap, kompetanse, oppleving og engasjement. Dette må likevel ikkje ta ein urimeleg del av løyvingane. Førsteprioritet må vere å bruke mest mogeleg av midlane til innsatsområde 1 – Bevaring. Ordninga må ikkje bli ein arena berre for ekspertane og den nasjonale spisskompetansen. Det er like viktig å bygge kompetanse regionalt og lokalt, både m.o.t. planlegging, prosjektgjennomføring og hos fellesråd og driftspersonell som skal følgje opp FDV-planane. Tilskotssatsen for dei minste prosjekta er berre 15 %. Veldig mange prosjekt, særleg på listeførte trekyrkjer, vil hamne i den gruppa. Minstesatsen må truleg hevast til 30 eller 40 % for å bli tilstrekkeleg interessant for kommunane. Det er betryggande at kyrkja er tungt inne i programstyret og prosjektet elles, og at KA sin kyrkjebyggdatabase skal vere «navet» i prosessen. Programstyret er likevel svært topptungt, og ein saknar større innslag av fellesråda som kyrkjeeigarar og forvaltarar av bygga. Dei sit inne med førstehandskunnskap og erfaring som vil vere svært viktig ved den praktiske utforminga og gjennomføringa av tiltaka i innsatsområda. Prosjektet har svært einsidig fokus på istandsetting, sikring og konservering. Kyrkjebygget som trusarena er lite nemnt. Det vil vere naturleg at også kyrkjelydane sine liturgiske og praktiske ønsker og behov blir vurdert i samband med istandsetting og bevaring. Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"