Dato: 25.03.2024 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Bjerkreim sokn Statlege og kommunale bidrag til oppussing av verna eller listeførte kyrkjer bør vere like, altså delast 50/50, for alle godkjente tiltak. Dette bør gjelde uavhengig av kostnadsramme. Det bør vere lågare krav til dokumentasjon av behova for gjennomføring av små prosjekt enn store. Det kan sjå ut til at forprosjekta for avgrensa prosjekt kan få høgare kostnadsramme enn sjølve arbeidet. Dermed vil truleg mange kyrkjeeigarar sjå på den nye tilskotsordninga som uaktuell og ordninga vil i stor grad kome kyrkjeeigarar som lenge har forsømt å halde eldre kyrkjer ved like til gode. Det kan ikkje vere etter intensjonen, og er i alle fall ikkje det som har kome fram i presentasjonen av ordninga. ENØK-tiltak og universell utforming bør kunne dekkast av tilskot gjennom denne ordninga. Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"