🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Utkast til forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkeby...

Hjelmeland kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 08.04.2024 Svartype: Med merknad Hjelmeland kommune er glad for forslaget frå Regjeringa. Me trur det vil bidra til eit stort og nødvendig løft for dei mange kyrkjebygga i landet som verkeleg treng vedlikehald. Me er likevel overraska over nivået på tilskotet til den einskilde kyrkja som kjem inn under ordninga. Det statlege tilskotet ser ut til å ligga altfor lågt til at det appellerer til ein brei dugnad for opprusting, og lågare enn forventningane som er skapte. Me meiner også at søknadsprosessane må forenklast slik at kyrkjer i mindre kommunar har høve til å delta i ordningane. 1. Hjelmeland kommune er ein kommune med 2600 innbyggarar og fire kyrkjer. Årdal gamle kyrkje er verna, Hjelmeland og Fister kyrkjer er listeførte. Me forventar at det statlege tilskotet blir justert oppover. Prosentsatsen bør vera på minimum 50 prosent. Først då er det eit reelt insentiv overfor kommunane og det ansvaret dei har for medfinansiering. 2. Hjelmeland kommune vil understreka betydninga av rett kompetanse for å sikra god kvalitet når kyrkjer skal setjast i stand. Samarbeid mellom fleire fellesråd i eit område og samarbeid mellom kommunar og mellom fellesråd og kommunar kan vera både nyttig og nødvendig. Det kan også styrka eksisterande næringsliv i eit område. Dette vil særleg gjelda i mindre og grisgrendte kommunar. Me ber om at forskrifta presiserer at tilskotsmidlar også kan brukast til prosjektleiing, administrasjon, rettleiing og andre støttefunksjonar, samt til samarbeidsløysingar som omfattar fleire fellesråd og kommunar der dette er formålstenleg. 3. Me ønskjer at departementet syter for romslege overgangsordningar. Mange har sett seg nøydde til å starta restaureringsarbeid for å hindra ytterlegare forfall. Det har undervegs blitt oppdaga skadar som har fordyra igangsette prosjekt. Påkomne kostnadar tre år tilbake, og også kostnader for tiltak utført etter at forskrifta trer i kraft men før endeleg tilsegn, bør med. 4. Me ser gjerne at brannsikring, ENØK-tiltak og tiltak for universell utforming kan koma inn under tilskotsordninga også som eigne tiltak. 5. Me vil også understreka behovet for tilskotsmidlar til delfinansiering av bokprosjekt, undervisingsmateriell og informasjonsmateriell om den aktuelle kyrkja. Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"