🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2023: 29 Abort i Norge - Ny lov og bedre tjenester

A Lege

Departement: Omsorgsdepartementet
Dato: 21.03.2024 Svartype: Med merknad God dag, Underteikna er lege og ynskjer å kome med innspel i denne saka. Slik eg forstår det, er argumentene for å ta bort nemdene fram til 18 veker for at kvinna ikkje skal føle skam, og at ein ønsker å "modernisere" lova der kvinner kan bestemme over sin eigen kropp. Det er lurar på litt her- er kva de tenker om rettsvern til jentebabyar? For som de kanskje veit- og i flt tidsskriftet.no for den norske legeforening- så kan ein med stor sannsynlighet vite kjønn på barnet i veke 12. Dersom ein tek bort nemdene kan ein sjå for seg at ein familie som har fått to jenter ikkje ønsker seg eit nytt jentefoster. Historisk sett - og i mange kulturar, er det guttefoster ein ønsker seg. Gjennom å avvikle nemdene kan ein sjå for seg scenario der jentebabyar blir abortert bort hyppigare enn gutebabyar. Så her lurar eg litt på om ein framleis tenkjer det er feministisk? Eller er det diskriminerande å åpne for ei slik mulighet når jenter/kvinner allerede er diskriminert i så mange land? Eit anna punkt er det at mange kvinner kan føle seg pressa til abort- og der har nemdene ei viktig rolle- for å kvalitetssikre at dette ikkje er noko kvinna er pressa til. Tar ein bort nemdene blir vegen til abort kortare- og kvinner kan bli lettare utsatt for press utanfor. Fødselstala går ned, aborttalene går opp og det er trendar med å ikkje bruke prevansjon. Kva samfunn ønsker ein å leve i om 40 år? Kven skal hjelpe meg i forflytning frå seng til stol om eg havnar på sjukeheim? Kven skal betale min pensjon? Eg tenkjer ein burde utrede og legge meir til rette for muligheter for å velge å få barn, eller adoptere bort barnet for den sags skuld. vi ønsker eit rikt samfunn med barn- vi kan ikkje overleve om vi ikkje får etterkomarar etter oss. Vi ser også at foster kan overleve i veke 22. Eg må vere ærlig å stille meg spørsmålet korleis ein kan abortere bort eit barn som kan leve? For å ikkje snakke om traumene ei kvinne går gjennom ved seinabort. Finnest det kvinner som ikkje har bestemmelse over eigen kropp pga rus/psykiatri- det dei har blitt tvunge til seinabort pga omstendighetene? Her tenker eg også kvinnens rettigheter ikkje er tatt hensyn til. Eg tenker alle politikarar burde ta seg ein tur innom medisinsk institutt og sjå korleis foster på hhv 18 og 22 veker ser ut når dei er satt på formalin (unngår rotningsprosess). Dette for å vere litt bevisst på kva valg ein gjer vidare mtp fosterets rettsvern. Mvh Lege og småbarnsmor Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen