Dato: 20.03.2024 Svartype: Med merknad Vi vil på det sterkast seia oss usamd i framlegget til den nye abortlova. Lova forlet nå ærefrykt for livet og skiftar det ut med ein menneskeskapt lovparagraf. For 9 århundre sidan, vart det ulovleg å ta livet av barn, m.a. ved å setja dei ute i skogen. Nå har vi innført barnedrap, men i det skjulte. For ca 2500 år sidan laga Hippokratis reglar/lov for korleis menneska og legar skulle respektera menneskelivet. Han var korkje kristen eller påverka av jødedomen. Men han rekna med eit liv etter døden, noko som folk til alle tidar har sett på som opplagt, jamfør alle dei vakre mausolea og gravhaugane rundt om i verda. Det er bare ei lita gruppe i Vesten som ikkje trur på ei verda vi ikkje ser, men som vi kan oppleva ( oppleva er jo eit heidersrord i vår tid ). Ifølgje Hippokratis og legelova fram til siste 10 åra ville aldri han ikkje utføra abort eller gje dødsshjelp. Råda hans var behandla, lindra og trøysta. Dersom vi forlet desse grunnleggjande råde, vil vi få mange andre og like vanskelaga etiske problem. Vi vil minna om at eit barn på 12 veker er fullt utvikla, og det som seianre skjer er bare ein vekst og ei utvikling. Tolv veker har barne alle organa, fingrar og tær, men bundne samn med hud, og huda mellom ribbeina er syltynne. På dette stadiet har hjarta slått i 6 - 8 veker. Det er ulike meiningar om abort. Det vert framstilt som ei viktig kvinnesak, men likevel er det fleire kvinner ( i prosent ) enn menn som er mot abort. Abortnemd har hjelpt mange kvinner i denne konflikten då dei har stått under sterkt press frå omgivnanden. Fri abort er galt, men det er ikkje lenger tema ! Liv og Audun Vevatne, Sola Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"