Dato: 14.03.2024 Svartype: Med merknad Høyringsuttale « Forskrift om kapasitetsjusteringer for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret i 2024 » Onsdag 6. mars kunngjorde Fiskeri- og havministeren at Produksjonsområde 4, Nordhordland til Stadt (PO4), vert vurdert til raudt lys i reguleringa av produksjonskapasitet i havbruksnæringa. Dette betyr 6 % nedtrekk i produksjonsvolum og vert det tredje nedtrekket på rad i produksjonsområdet. Næringa i dette området får då totalt inndrege 18 % av sin produksjonskapasitet. Avgjersla var overraskande, då området var vurdert som gult i 2023. Lusetala i oppdrettsanlegga har vore vesentleg lågare enn tidlegare år og næringa har lukkast bra med tiltaka sine. Frå 2017 til 2023 har luse-reduksjonen vore på heile 42 % i månadane med utvandrande smolt frå lakseelvane. Frå tidlegare tilfelle (2020) har ei positiv utvikling gjeve gult lys. Ein ser det som særskilt overraskande at ei slik positiv utvikling ikkje vert teke omsyn til no. Havbruksutvalet har konkludert i sin rapport med at nedtrekk er eit lite målretta verkemiddel. Vi er einige med havbruksutvalet i dette, og meiner nedtrekk er et upresist verkemiddel som gjev omfattande samfunnsmessige konsekvensar, då særskilt for små og mellomstore aktørar langs kysten og lokalsamfunna. Norwell ser med stor bekymring på ein vel nedtrekk i produksjon trass positiv utvikling. Norwell handlar 1/3 av volumet sitt fra PO4, noko som gjer at ytterlegare nedtrekk svekker vårt bidrag til arbeidsplassar og verdiskaping i regionen (Vestland fylke). Tapet av arbeidsplassar og aktivitet vil også påvirke leverandørbedrifter og kommunar, med ei potensiell negativ utvikling som kan leie til nedbygging. Det er nedfelt i Stortinget sitt vedtak at dei samfunnsøkonomiske sidene av eit nedtrekk skal takast omsyn til når eit område står mellom raudt og gult. Dette bør absolutt vege tungt no ved eit tredje nedtrekk. Med bakgrunn i dei negative samfunnsmessige verknadane av eit nedtrekk og Havbruksutvalet sin konklusjon om at nedtrekk er eit lite målretta verkemiddel, ber vi om at det må takast omsyn til dei samfunnsmessige konsekvensane og ringverknadane eit slik tiltak som nedtrekk gjev. Og at nedjustering av utnyttelsesgrad for tillatelseskapasitet blir satt på vent i påvente av nye retningslinjer som måtte komme når Stortinget behandlar den kommande Havbruksmeldinga (våren 2025). Vi støttar framlegg av initiativtakarane Sulefisk og Firda Seafood Group Venleg helsing, Norwell A/S v/Linn Nekkøy Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"