Dato: 14.03.2024 Svartype: Med merknad Kommentar; Viser til tidlegare innsendt høyringssvar frå Sulefisk AS i dag 14.03.2024. Formatering i skjema gjorde at tekst som var markert med overstryk i vårt forslag til endring i §5 vart endra ved innsending av skjema. Det kjem såleis ikkje tydeleg fram i vårt tidlegare innsendte høyringssvar at teksten "fra og med 6 måneder etter denne forkriftens ikraftredelse" var foreslått strøken. Sender såleis høyringssvaret vårt ein gang til der foreslått strøken tekst er tatt bort i forslag. Høyringsforslaget under er vårt endelege høyringssvar. Beklager dette. Sulefisk v/ Sissel Kråkås Høyringssvar « Forskrift om kapasitetsjusteringer for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret i 2024 » Innleiing Onsdag 6. mars kunngjorde Fiskeri- og havministeren at Produksjonsområde 4, Nordhordland til Stadt (PO4), vert vurdert til raudt lys i reguleringa av produksjonskapasitet i havbruksnæringa. Dette betyr 6 % nedtrekk i produksjonsvolum og vert det tredje nedtrekket på rad i produksjonsområdet. Til saman vil næringa i dette området då ha fått inndrege 18 % av sin produksjonskapasitet. Avgjerda var overraskande for dei fleste som har fylgt med på desse prosessane, då området var vurdert som gult i 2023. Lusetala i oppdrettsanlegga har vore vesentleg lågare enn tidlegare år og næringa har lukkast bra med tiltaka sine. Frå 2017 til 2023 har luse-reduksjonen vore på heile 42 % i månadane med utvandrande smolt frå lakseelvane. Frå tidlegare tilfelle (2020) veit ein at ei positiv utvikling har gjeve gult lys. Det var også venta av mange at departementet ville unngå å trekke inn produksjonsvolum denne gangen, fordi Havbruksutvalet nyleg konkluderte i sin rapport med at nedtrekk er eit lite målretta verkemiddel. Utvalet, der Havforskingsinstituttet var medverkande, oppmoda til at ein må kome fram til andre metodar for å minske påverknaden på vill laksefisk. Statsråden har også lagt vekt på at ein har nytta områdespesifikke vurderingar av tilstanden til elvane i Sogn for årets konklusjon om rødt lys. Dette er eit nytt vurderingskriteriet og inneber ei betydeleg endring av systemet Stortinget har vedteke. Slike endringar, som er «nytt av året» gjev ikkje gode føreseielege vilkår for næringa. Som grunngjeving for nedtrekket blir det også feilaktig hevda, og lagt til grunn, at det må være 2 år med gul tilstand før ein slepp rød sone og nedtrekk. Dette bryt med tidlegare praksis der positiv utvikling frå rødt til gult har kvalifisert til gult lys og ingen nedtrekk. Konsekvensane av dette tredje nedtrekket vil vere omfattande. Særskilt rammar dette lokale aktørar i regionen. Sulefisk AS er eit lokaleigd oppdrettsselskap i Solund med 4 ordinære konsesjonar, samt 1 grøn konsesjon. Alle våre 6 lokalitetar ligg i Solund kommune. Vi er ei hjørnesteinsbedrift i øykommunen Solund med våre 19 tilsette i tillegg til at vi er lærlingbedrift og ein viktig beidragsytar i samfunnet her ute. Vi nyttar i stor grad lokale leverandørar både med omsyn til kjøp av smolt, varer og tenester. Sulefisk har dei siste åra sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere lakselus i området. Vi har investert i ny teknologi som mekanisk behandling, laser, semilukka merd m.m. Desse tiltaka har fungert og lusetala har gått vesentleg ned. Likevel opplever vi at lusefri produksjon i semilukka merd to gongar har vorte nedtrekt på lik linje med produksjon i tradisjonelle opne merdar og at vi no får eit ytterlegare nedtrekk på heile produksjonen vår. Dette kan umogleg vere riktig eller formålstenleg. Når vi no står ovanfor eit tredje nedtrekk som vil medføre ein total reduksjon på 18% av produksjonskapasiteten vår vil dette gå hardt utover både Sulefisk som enkeltaktør, men også våre samarbeidspartnarar, underleverandørar og lokalsamfunnet vi er ein del av. Arbeidsplassar både i Sulefisk, Solund og regionen vår vil forsvinne og moglegheitene for investering og utvikling vert svekka. Ein ytterlegare reduksjon i MTB vil kunne medføre at ein så stor del av produksjonsgrunnlaget til Sulefisk at det ikkje lenger let seg gjere å drifte lokalt. For det er nettopp slike lokale selskap Sulefisk med heile produksjonen sin i PO 4 som blir hardast råka, medan store selskap som har drift langs heile kysten kan tilpasse seg langt lettare. Det er sjølvsagt at konsekvensane strekkjer seg langt utover bedriftene som produserer laks og aure. Tap av arbeidsplassar og aktivitet, vil gå ut over leverandørbedrifter og kommunane, i form av tap i sysselsetjing og busetnad. Potensialet for ei positiv utvikling kan bli snudd til nedbygging. Det er også slik at det skal leggast til grunn at negative samfunnskonsekvensar av denne størrelse skal takast med i vurderinga om nedtrekk eller ikkje. Det er nedfelt i Stortinget sitt vedtak at dei samfunnsøkonomiske sidene av eit nedtrekk skal takast omsyn til når eit område står mellom raudt og gult. Dette bør absolutt vege tungt no ved eit tredje nedtrekk. Ein bør ta eit steg til sides og gjere ei grundig utgreiing av konsekvensane for regionen og lokalsamfunna før ein gjennomfører eit så inngripande tiltak. I tillegg til å stanse årets nedtrekk er det viktig at allereie inndratt volum blir gjort tilgjengeleg for produsentane som har god kontroll på lusesituasjonen. Trafikklyssystemet må gjennomgåast og evaluerast som ein del av arbeidet med ny havbruksmelding som skal komme i 2025. Utkast til « Forskrift om kapasitetsjusteringer for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret i 2024 » er no på høyring. Med bakgrunn i dei negative samfunnsmessige verknadane av eit nedtrekk og Havbruksutvalet sin konklusjon om at nedtrekk er eit lite målretta verkemiddel kjem vi med endringsforslag til forskrifta. Forslag til endring av kapsitetsjusteringsforskriften 2024: § 5. Virkningstidspunkt for justering av kapasitet Tilbakestilling av utnyttelsesgrad for tillatelseskapasitet gjelder fra denne forskriftens ikrafttredelse. Nedjustering av utnyttelsesgrad for tillatelseskapasitet blir satt på hold i påvente av nye retningslinjer som måtte komme når Stortinget behandler ferdig den kommende Havbruksmeldingen (våren 2025). Sulefisk AS v/ Sissel Kråkås, Kvalitetsleiar Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"