Overgangsordning
Det er svært positivt at regjeringa føresler ei overgangsordning for paramedisinar-autorisasjonen. Dette er med på å heve komeptansen som befinn seg i ambulansetenestene i landet. Det er også eit svært positivt løft for ambulansefaget at utdanninga er flytta frå yrkesfag opp på høgskulenivå, det opnar for uante moglegheiter for våre eigne til å forske på vårt eige fag. Til no har ikkje det vore mogleg for oss som faktisk ytøver faget.
Problemstilling i samband med høyringsforslaget
Slik forslaget er presentert, blir ei stor gruppe ambulansearbeidarar med fullført vidareutdanning og påbegynt vidareutdanning ekskludert frå overgangsordninga. Det er gravt rekna opp imot 300 yrkesaktive paramedics, som med dette forslaget til overgangsordning blir vingeklippa og erkært inkompetente av regjeringa. Eg trur ikkje dette er regjeringa sitt ønskje, men eit resultat av uvitenheit og manglande undersøkingar vedrørande korleis kompetanse i ambulansetenestene er organisert og fungerer i praksis. Av desse 300 er det personell med lang yrkeserfaring som har, eller har påbegynt, Nsjonal Paramedic Utdanning (heretter kalla NPU). Men gruppa med eksluderte personell inkluderer også personell med eutdanning frå forløparen til NPU: Ambulanseskolen i Oslo. Dette er utdanninga som er opphavet til bachelor i paramedisin. Denne gruppa med ekskludert personell har stilling og funksjon som paramedic (det som relativt nyleg har endra namn til paramedisinar) i sine ambulansetenester. Det er også desse ekskluderte som har ansvar som fartøysjef, ansvar og delegering for å utføre medisinering av pasientar i tillegg til fleire andre avanserte behandlingstiltak, ansvar for rettleiing av paramedisin-studentar som er i praksis i løpet av utdanninga si, ansvar for kompoetanseutvikling og kompoetanseheving for sine kollegarer, osv.
Problemet med forslaget slik det er formulert i dag, er at regjeringa med eit pennestrok spenner krokfot på ei stor gruppe yrkesaktive paramedics. Mange av oss har fleire tiår med erfaring meir enn det den nyutdanna paramedisinaren med bachelor som skal rettleie oss i praksisperiodar, om forslaget trer i kraft slik ordlyden er no. Det er svært sannsynleg om eg som paramedic må starte på null og ta bachelor i paramedisin, vil få ein av paramedisinarane eg sjølv rettleia når den var student, som rettleiar når eg skal i praksis. Det er ingen logikk i dette, det gir ikkje meining at regjeringa meinar dette er rimeleg å krevje av oss.
Forslaget slik det er i dag har allereie ført til ei stor bekymring hjå oss som blir ekskludert. Mange av oss ser allereie etter andre arbeidsmoglegheiter, sidan forslaget fører til at vi blir degradert og erkært verdilause. Dette bør vere urovekkande også for regjeringa. Eg minner om at helsekommiteen nettopp har publisert analysar som viser ei allereie skrikande mangel på helsepersonnell.