🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag om forskrift om særlige vilkår for rett til autorisasjon som p...

Daniel Aafedt Søvde

Departement: Omsorgsdepartementet
Dato: 07.03.2024 Svartype: Med merknad Vedr. Høyring av forslag om overgangsordning for autorisasjon som paramedisinar. Det er viktig og bra at Regjeringa fastset råmer og kriteriar for formell helsekompetanse. Berebjelken i ambulansane i Noreg har over lang tid vore ambulansearbeidaren med autorisasjon. Frå tidleg på 2000 talet og fram til no,har krava auka, pasientgrunnlaget auka,og pasientane blitt meir komplekse. Berre dei seinaste dagane les ein i media at det ikkje er nok ambulansar til oppdraga,og det er ikkje alltid semje om at pasientane faktisk må vere att heime eller få anna transport til rett helsehjelp. I så måte er det viktig at det er rett helsepersonell på rett plass,slik at ein har god vurderingskompetanse ute hjå pasienten. Sjølv om "trøste og bære" er eit naturleg innslag i jobben idag, er det meir enn sjeldan,at det er krevjande og avanserte behandlingar som vert gjennomført prehospitalt. Likeleis vert det teke viktige beslutningar av dei som set på AMK/113. Utviklinga i faget har vore kontinuerleg og krevjande. Ambulansearbeidaren skal ta vare på alle frå før 0,til etter 100,både i forbindelse med både sjukdom og skade. Korleis er det så blitt lagt til rette for kompetanseheving? Alle ambulansetenester og helseføretak i ambulanse-Noreg har ulike måtar å heve kompetansen til den einskilde på. Nokre føretak støttar med lønna permisjon til høgskuleutdanning, nokre føretak legg mykje av byrden på den einskilde, medan andre møter deg med forståelse og litt tilretteleggjing. I dei ulike ambulansetenestene er det ulike ordningar for kven og korleis ein utfører legedelegerte prosedyrer som avansert medikamentell behandling. Som ambulansearbeidar og paramedic (NPU), har ein tileigna seg kunnskap for å imøtekome pasientgruppene som treng oss, og ein finn at det er urettvist slik forslaget no ligg. Tilbodet som har eksistert for underteikna, har vore Nasjonal Paramedic Utdanning(NPU), og det er denne utdanninga eg og ein del andre no står i fare for å ikkje få utteljing for. Forslaget som no ligg på høyring,ekskluderar underteikna,med rundt rekna 20 års erfaring frå ambulanse og AMK, avdi eg var ferdig utdanna medio desember 2021 ved NTNU Gjøvik. Dette avdi eg ikkje oppfyller krava etter paragraf 3 d,med to og eit halvt års erfaring innan 1.mai 2022, slik forslaget no føreligg. Det er vanskeleg å sjå at ikkje heilheita skal telje,og i så måte uttrykker eg litt skepsis til forarbeidet med høyringa,den verkar ikkje grundig nok,og treff feil. Noreg er eit lite land,og dei få hundre som fell utanom slik forslaget ligg no, har gjort sitt ypparste for å ta kompetanseheving, sikre at dei bidreg på best mogleg måte, både når det kjem til skade,sjukdom, farmakologi og pasientar elles. 1) Eg meinar alle NPU kull,både dei som har gjennomført og dei som er under NPU utdanning, bør kome med i overgangsordninga- gjeve at andre krav er oppfylde,eller at paragrafen vert justert 2) Ambulansearbeidarar som har teke vidareutdanning som sjukepleiar/vernepleiar eller omvendt, bør kome med i overgangsordninga- gjeve at andre krav er oppfylde, eller at paragrafen vert justert Ynskjer Dykk lukke til med den framtidige prosessen, med håp om at denne paragrafen kan vere med å setje ein ny standard og meir likheit for ambulanse-Noreg,og all den gode kvaliteten som vert ytt for befolkninga allerede. Med vyrdsam helsing, Daniel Aafedt Søvde Ambulansearbeidar/Paramedic Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"