Dato: 12.01.2024 Svartype: Med merknad Framlegget med spesifikt krav om 2,5 års erfaring etter endt Nasjonal Paramedic studie ser eg på som diskriminerende og ulogisk. I mitt vedkommande har eg totalt 11 år erfaring med 100% stilling som ambulansearbeider før eg tok til med Nasjonal Paramedic utdanning i 2019 og fullførte i desember 2020. Det vil seie at etter fullført ekstra utdanning ved NTNU Gjøvik får eg 6 mnd for lite erfaring til å søke autorisasjon som Paramedisiner. Eg jobbet også 100-150 prosent medan eg studerte Nasjonal Paramedic for å kunne betale for studiet som eg ikkje ellers fikk støtte til pga totalinntektene var for høge. Fordi eg jobbar på!! Dette forslaget skroter verdien av all kompetanse, innsatsvilje og arbeid eg har lagt ned for å bli mest mulig dyktig i faget for pasientane sin del. Studieplass på Nasjonal Paramedic var ikkje lett å få, dei er begrensa! Sjå på kor mange som ville studere! Det er mange med meg. Ein er passert 40 år, etablert med familie, forpliktelser og dedikasjon til faget! Så legg Helseministeren fram dette som et ulogisk, diskriminerende og lite faglig begrunna forslag slik at ein ikkje blir verdsatt og like viktig som dei som har jobba 0 år i yrket og opparbeida seg en realkompetanse som Paramedisinere som vi andre har gjort. Paramedisinerene skal måtte jobbe mange år etter studie for å ha med seg i vidare pasientarbeid lik realkompetanse. Det einaste riktige er å også godkjenne dei med autorisasjon som ambulansearbeider med minst 5 år med autorisasjon og fullført eller påbegynt Nasjonal Paramedic studie og sjukepleiere med bachelor og autorisasjon som ambulansearbeider mi minst 2 år og fullført eller påbegynt vidareutdanning som Nasjonal Paramedic før mai 2022. Dvs kull 19, 20, 21 og 22 på Nasjonal Paramedic utdanningen ved NTNU må få lik rett til å søke autorisasjon som Paramedisiner som dei som tok ekstra utdanninga året før. Hensynta erfaringa ein har i botnen meir! Vi fortjener det! Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"