Merknad om norsk teiknspråk og etniske og språklege minoritetsgrupper.
Språkrådet meiner departementet bør vurdere om driftstilskotet til etniske og språklege minoritetsgrupper bør endrast til også å omfatte bildeprogram på ein slik måte at det også kan dekkje program på norsk teiknspråk og andre teiknspråk.
Norsk teiknspråk og ytringsfridom
Språklova § 7 slår fast at norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket, og at det som språkleg og kulturelt uttrykk er likeverdig med norsk . Teiknspråk er fullverdige språk, og har tilhøyrande kulturar og ytringsfellesskapar slik som talespråk har.
Språklova § 1 c pålegg i tillegg det offentlege å verne og fremje norsk teiknspråk, noko som både betyr å verne språket mot negative sanksjonar, men også å setje i verk positive tiltak utover det som går fram av særlovgjevinga.
Sjølv om ikkje alle teiknspråklege er døve, er norsk teiknspråk tett knytt til den norske døvekulturen. Konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) slår i artikkel 30 (4) fast at teiknspråk og døvekultur skal ha anerkjenning og støtte på lik line med andre kulturelle og språklege identitetar. Artikkel 21 slår fast at konvensjonsparten skal treffe tiltak for at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne utøve retten til ytringsfridom, inkludert gjennom å fremje bruken av teiknspråk.

Avgrensinga til radio og podkast som mogeleg hinder
Teiknspråk er visuelle, og ord og setningar blir danna med hender, kropp og ansiktsuttrykk. Framleis avgrensing av tilskotet til etniske og språklege minoritetar til lydmedium kan difor vere eit hinder for medieinnhald på norsk teiknspråk og andre teiknspråk, særleg når departementet foreslår å utvide verkeområdet til også å gjelde podkastar og audiovisuelle bestillingstenester. Departementet legg til grunn at podkast berre kan vere eit lydmedium. I samanheng med teiknspråk vil vi peike på at det finst videopodkastar, og at nokre podkastar blir distribuerte både som lydfiler og lagt ut som videoopptak på til dømes Youtube. Språkrådet tar utgangspunkt i at slike videopodkastar og distribusjonen av dei stort sett hamnar under definisjonen av audiovisuelle bestillingstenester og bildeprogram i kringkastingslova § 1-1 d-e.
Avgrensinga til lydmedium i gjeldande forskrift og forslaget er uproblematisk for talespråk, men for innhald på norsk teiknspråk og andre teiknspråk skaper det utfordringar. Teiknspråkbrukarar kan også lage program av same type og med same funksjon som radio og podkast, men desse må då vere videobaserte. I motsetnad til andre minoritetsspråksmedium i Noreg vil ikkje teiknspråklege lokale medium kunne søkje på potten for etniske og minoritetsspråklege grupper.
Språkrådet legg til grunn at rammevilkåra er annleis for nettbasert produksjon enn for tradisjonelle etermedium. Skilnadane i ressursbruk for å produsere radio og TV er relativt store, og i den samanhengen gir det meining å ha eit skilje på lyd- og videomedium. Å publisere video på nett er derimot ikkje nødvendigvis meir ressurskrevjande enn lyd (podcast). Språkrådet meiner difor det no er høveleg å gjennomføre ei likare handsaming av formata, særleg med omsyn til teiknspråk.
Språkrådet vil skissere to moglege løysingsalternativ:
Vi vil i denne samanhengen minne om at Teiknspråkutvalet i NOU 2023:20 (punkt 21.7.7) tilrådde ein gjennomgang av regelverket for mediestønad for å sjå om det var «tilpasset tegnspråklige medier». Språkrådet trur ein slik heilskapleg gjennomgang kan vere viktig for å identifisere ev. liknande hinder i regelverket.