Dato: 06.08.2025 Svartype: Med merknad Dette høyringssvaret knyter seg ikkje til det konkrete lovframlegget som er sendt på høyring. I staden er høyringa nytta som eit høve til å føreslå ein formell skrivefeil i sjølve lovtittelen blir retta opp. Den fulle formelle lovtittelen til straffeprosesslova lyder slik: "lov om rettergangsmåten i straffesaker (Straffeprosessloven)". Etter norsk rettskriving skal lovtitlar, både fulle titlar og korttitlar, ha liten førebokstav. Eg viser til Språkrådet: https://sprakradet.no/godt-og-korrekt-sprak/rettskriving-og-grammatikk/lovhenvisninger/ https://sprakradet.no/klarsprak/sprak-i-lover-og-forskrifter/skriverad/struktur-i-lover-og-forskrifter/tittel-hovedoverskrift/ Eg føreslår at Justis- og beredskapsdepartementet nytter høvet til føreslå ei formell endring i lovtittelen, slik at korttittelen får liten førebokstav i den vedtekne tittelen og blir i samsvar med rettskrivingsreglane: "lov om rettergangsmåten i straffesaker (straffeprosessloven) ". Venleg helsing Kjetil Aasen (master i lingvistikk og master i rettsvitskap) Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"