🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i pasientbetalingsforskriften, skatteloven og sk...

Helse Møre og Romsdal

Departement: Familiedepartementet
Dato: 30.01.2024 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Helse Møre og Romsdal HF «Forslag til endringer i pasientbetalingsforskriften, skatteloven og skattelovforskriften» Viser til høyringsnotat med forslag til endringar som gir helseføretak høve til å krevje egenbetaling for non-invasiv prenatal test (NIPT) til gravide som er under 35 år ved termin og ikkje har andre indikasjonar for fosterdiagnostikk, og innføring av skatteplikt for offentlige helseføretak sine sal av slike tenester. Formålet med endringa er mellom anna å gi lik tilgang til NIPT i heile landet, også der det ikkje er marknad for eit kommersielt tilbod, i tillegg håper ein å redusere lekkasjen av fagpersonell frå helseføretaka til dei private tilbydarane av ei slik teneste. I utgangspunktet vil ein støtte intensjonen ved dette forslaget, men det er ein del prinsipielle aspekt ein må vurdere. Det er ingen klar medisinsk indikasjon for å sette grensa for offentleg finansiert fosterdiagnostikk med NIPT på kvinna sin alder 35 år. Dette er likt med den gamle aldersgrensa politisk fastsett. Den offentlege helsetenesta har eit forklaringsproblem når omdråde for forhøgd eigenbetaling hos pasientane alle er innan reproduksjonsmedisin, dvs. sterilisering, assistert befruktning, medikament ved infertilitet og no fosterdiagnostikk. Dersom ein vel å gå vidare med dette forslaget slik det er utforma bør ein søke å innrette det slik at det gjev minst mogleg kostnad for pasientane og minst mogleg administrasjonskostnader for helseføretaka. Slik dette er skissert vil det krevje ein del ressursar å administrere eit opplegg med parallell bokføring, personellressursar som vi helst skulle ha nytta på andre område. NIPT til alle gravide vil derimot ikkje krevje særleg med ekstra personellressursar for helseføretaka. Alle gravide er uansett inne til ein tidleg ultralyd rundt svangerskapsveke 12. Informasjon om NIPT kan ein gje skriftleg ved innkallinga, og dei negative testsvara svarer ein ut skriftleg med standardbrev. Dei få pasientane med positive prøvesvar vil ein uansett måtte handsame i det offentlege, og det medfører ikkje ytterlegare ressursbruk enn det ein uansett måtte ha rekna med. Det er difor urimeleg om helseføretaka skal være nøydt til å fakturere pasientane tilsvarande som ein gjer privat. Marginalkostnaden for ekstra prøvetaking er relativt låg, og det må vere mogeleg å berre fakturere kostand for sjølve prøva. Når det gjeld rekruttering er det klårt at den private marknaden for helsepersonell med ultralydskompetanse vil verte mindre, og lekkasjen frå helseføretaka vil truleg reduserast betydeleg. Dette er eit viktig moment i den krevjande rekrutteringssituasjonen dei gynekologiske avdelingane står i over heile landet. Vår vurdering er at sjølv om ein erkjenner at risiko er låg for dei yngste kvinnene, anbefalast ei fornya vurdering om ikkje NIPT skal tilbydast alle utan eigenbetaling. Då vil ein sleppe utfordringane med å administrere ei kommersiell ordning i den offentlege verksemda, ein vil truleg kunne stogge lekkasjen av fagfolk, og ein vil sleppe å påføre pasientane unødvendige høge kostnader. Dersom ein likevel vel å innføre forhøgd eigenbetaling for pasientane vil ein anbefale at denne summen vert sett så lågt som mogleg innanfor det regelverket tillèt, om mogeleg ikkje over kostpris for sjølve blodprøva. Utover dette viser vi til høyringssvaret frå St. Olavs Hospital som vi i det store og heile kan stille oss bak. Med vennlig hilsen Erik Solligård fagdirektør Helse Møre og Romsdal Helse- og omsorgsdepartementet Finansdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"