Referanse: 371780 Dato: 30.01.2024 Svartype: Med merknad I løpet av det siste døgnet har det dukka opp medieartiklar relatert til dei nemnde endringane i forskriftene og lova. Det har også kome inn høyringssvar. Endringane sitt føremål er å sikre lik tilgang til NIPT og hindre helsepersonell i å forlate offentlege sjukehus til fordel for arbeid med NIPT i privat sektor. Lik tilgang NIPT-analysar blir gjort ved universitetssjukehus i Noreg, i dei store byane. Der er tilgangen ikkje eit problem. Problemet er i mindre befolka område. Her har me problem med tilgang til fødestover, akuttmottak og ei rekke andre tenester. Det offentlege helsevesenet må gjere prioriteringar i samsvar med kva som gir mest tilbake til fellesskapet. Personellflukt Når ein granskar høyringsuttalelsar og offentlege data framstår det som usannsynleg at NIPT-testar i privat sektor kan forklare den personellflukta som sjukehus rapporterer. Private aktørar viser til tal, medan offentlege sjukehus ikkje gjer det. Privatisering av delar av offentleg verksemd Me bør halde klare liner mellom kva som er skattefinansiert og privat helsetilbod. Det offentlege helsevesenet blir finansiert av fellesskapet. Private aktørar søkjer profitt. Dette skillet bør haldast for å sikre tilliten til det norske helsevesenet. Offentleg helsevesen kan ikkje tilby alt, då knekk det saman. Privat sektor tilbyr det pasientar vil betale for. Sjukehus uttrykkjer lita bekymring for signaleffekten av å krevje mellom 3000 og 10.000 kroner for ei blodprøve trass i at Bioteknologirådet og etikarar belyser dette. Sjukehus legg fram prisstrategiar for å styre pasientvolumet. Dette er uheldig. Slik skal ikkje offentlege sjukehus operere. Privat sektor I privat sektor er det grunnleggjande målet å generere overskot. Om private aktørar ikkje tener pengar, vil verksemda ikkje overleve. Dei må tilby tenester som pasientane etterspør, elles går dei konkurs. Aktørane blir ikkje finansierte av staten, dei tar risiko og vinn eller taper deretter, dei skapar si eiga verksemd og skattar av denne til fellesskapet. Denne sektoren kan fungere som ein balanse mot det offentlege systemet og bidra til døme på effektivisering, ikkje minst kommersialisering av forsking og innovasjon som seinare kan gagne det norske fellesskapet. Samandrag Privat sektor har manglar. Det har offentleg sektor og. Våre styresmakter må sikre at aktørane opererer lovleg og akseptabelt. Medieomtale og dei høyringane som føreligg til no gjev inntrykk av at dette er ein kamp mellom offentleg og privat sektor, heller enn ein diskusjon om dei opphavlege føremåla, "lik tilgang til NIPT" og "å avgrense helsepersonellflukta". Interesser kolliderer frå ulike hald. Det er eit påtrengande behov for at leiarar i vårt offentlege system tek eit steg tilbake og tenker på korleis det norske helsevesenet bør sjå ut i framtida. Dette forslaget kan umogeleg vere det einaste som er aktuelt å innføre om ein tek dette steget, og då bør det takast med norske pasientar sitt ve og vel i fokus. For ein som har arbeidd i det norske helsevesenet dei siste 22 åra er dette lovforslaget eit observandum. Dette verkar som ein snarveg utan plan. Me må fokusere på korleis me skal byggje eit helsevesen som tiltrekk seg flinke folk. Å stenge dører er sjeldan ein god løysing overfor kollegaer som er lei og slitne av eit system som ikkje møter dei tilsette. Dette perspektivet er enno ikkje nemnt av dei som leiar våre sjukehus. Me må tilby det beste me har råd til basert på det som er best for fellesskapet si totale helse. Me må vere eit attraktivt stad å arbeide, då får pasientane gode tenester og systemet står stødig. Helse- og omsorgsdepartementet Finansdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"