🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av Barnevernsinstitusjonsutvalgets NOU 2023:24

Høgskulen på Vestlandet

Departement: Familiedepartementet
Dato: 22.01.2024 Svartype: Med merknad Høyringsuttale til NOU 2023: 24, Med barnet hele vegen. Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit, frå det barnevernfaglege miljøet ved Institutt for velferd og deltaking, fakultet for helse- og sosialfag, Høgskulen på Vestlandet. I arbeidet med denne høyringsuttalen har me særskilt fokusert på kapittelet frå ungdomsutvalet, tema om rus og åtferd, miljøterapi og kompetansegrunnlaget i barnevernpedagogutdanninga. Me særskilte kommentarar knytt til deler av språk- og omgrepsbruken i utgreiinga, og kommentarar knytt til framstillinga av miljøterapi som ein avgrensa metode og kompetanse i institusjonsarbeidet. Generelt er me samde i forslaga om å redusere typar institusjonar for å hindre at barn må flytte ofte. Me er samde i at forslaget om å knytte helseteam til kvar barnevernsinstitusjon, om å redusere fokuset på barns åtferd og om å gje spesialisthelsetenesta eit større, tydeleg og meir forpliktande ansvar for behandling av store rusproblem hjå barn. Me er samde i at helsetenesta bør overta behandlinga av barn med vedvarande og alvorlege ruslidingar, samstundes som me er uroa for at det vil medverke til redusert/ neglisjert fokus på rusbruk som eit sosialt, komplekst og kontekstuelt fenomen. Me meiner barnevernsinstitusjonane òg i framtida bør legge vekt på endringsarbeid, i tillegg til omsorg- og utviklingsstøtte, og forslår at det bør vere del av barnevernsinstitusjonane sin formålsparagraf. Medverknad frå barn og unge Ungdomsutvalet har på ein god måte fått fram ungdommane si stemme og perspektiv på det å bu på barnevernsinstitusjon – dette vil me gje dei ros for. Det er viktig å ta desse perspektiva i vidare arbeid med kva det framtidige institusjonsbarnevernet skal vere, for å sikre borna si reelle medverknad. Ungdomsutvalet er opptekne av at institusjonen skal kjennast som ein heim der ein opplever meistring, samhald og livsglede. Her spelar ulike faktorar inn; det er viktig korleis institusjonen ser ut og det er viktig at borna/ ungdommane vert møtte med forståing, tillit og med god omsorg. Ungdomsutvalet peikar her på viktige tema som krev grunnleggande kompetanse og ferdigheiter hjå fagpersonale. Endrings- og utviklingsstøtte Omgrepet behandling vert i dag sterkt knytt til helsefeltet, og utgreiinga definerer behandling som helsehjelp. Endringsarbeid står sentralt i barnevernsarbeid og i miljøterapi, og me meiner barnevernsinstitusjonane bør halde fram med å jobbe med endring. Dersom behandlingsomgrepet skal erstattast, slik utgreiinga tilrår, meiner me at endringsarbeid bør vere med og supplere omgrepet utviklingsstøtte. Kva barnevernsinstitusjonane sitt føremål skal vere, bør då innehalde omgrepet endring - vårt forslag at er følgjande: “Barnevernsinstitusjonane sitt føremål skal vere å gje barna omsorg, beskyttelse, endrings- og utviklingsstøtte, med utgangspunkt i det enkelte barnet sitt behov og ressursar.” Utgreiinga løftar fram åtferdsomgrepet i barnevernlova som «det mest problematiske». Me er samde i at eit sterkt fokus på åtferd, er uheldig og kan verke stigmatiserande. Utfordrande og skadeleg åtferd er samstundes ein del av det som møter barna som bur i institusjon og dei tilsette som jobbar der, og det lyt handterast profesjonelt. Å slutte å snakke om utfordrande åtferd er ikkje løysinga, men korleis denne åtferda vert forstått fagleg og handtert, vil ha stor betyding for om fokuset på åtferd blir stigmatiserande eller ikkje. Me meiner endringsarbeidet er sentralt i dette høve - eit endringsarbeid som bør byggje på fleirfaglege perspektiv og tilnærmingar. Me støttar utvalet si presisering av at institusjonane må ha fokus på familie- og nettverksarbeid. Dette er særleg viktig med tanke på at familie og nettverk representerer ein kontinuitet i barnet sitt liv i den forstand at dei uavhengig av relasjonane sin kvalitet, for mange vil vere ein relasjon som vil følgje barnet inn i vaksenalder. I familie- og nettverksarbeidet er òg relasjonsbygging og endringsarbeid sentralt. Rusbruk Språket knytt til rusbruk i utgreiinga, svarar ikkje til omgrepa som vert nytta i fagfeltet i dag. Omgrep som rusmisbruk og rusfrihet er normative og moralsk lada omgrep som i liten grad vert nytta i rusfeltet som fag- og forskingsfelt elles. Me synest det er uheldig at utgreiinga nyttar desse omgrepa, og meiner det strir mot utvalet si målsetjing om å skrive om barn og unge på ein “hensynsfull måte som ikke bidrar til ytterligere stigmatisering” (NOU 2004: 23, s. 30). Omgrep som rusbruk, skadeleg rusbruk, rusbruksliding er tilgjengelege omgrep som er å føretrekke, saman med diagnostiske omgrep knytt til rus som følgje av at rusbehandling er definert som helsehjelp og foreslått overført til spesialisthelsetenesta. Vil overføringa av ansvar til helse bidra til at fokuset på rus som åtferdsproblem blir redusert, eller vil det tvert om styrke fokuset på rus som åtferdsproblem? Barnevernet skal jobbe heilskapleg med barn og unge sine utfordringar og i ein sosial kontekst, og me er uroa for at slik heilskapleg tilnærminga vil bli svekka dersom ansvaret for rusbehandling vert overført til spesialisthelsetenesta. Framstillinga av rusproblem som enten åtferdsproblem eller helseproblem, kan bidra til at hjelpetilbodet til barn som brukar rusmidlar blir meir avgrensa og dermed ikkje blir godt nok. Tverrfagleg samarbeid og særskilt eit tett samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og barnevernet, blir svært viktig. Rusbruk hjå barn er komplekst og det utviklar seg og tek form i ein sosial og kulturell kontekst, i tillegg til at det medfører endra nevrobiologisk tilstand. Rusbruk hjå barn kan ikkje reduserast til helseproblem aleine, og det må òg speglast i hjelpa barna får. Me støttar forslaget om at ruskompetanse lyt styrkast på alle institusjonar, og meiner at kompetanse hjå dei tilsette som kan bidra til endring- og utviklingsstøtte, bør vere sentralt i denne kompetansen, i tillegg til kunnskap om rusbruk som eit sosialt fenomen som òg får sosiale og helsemessige konsekvensar. Miljøterapi Slik me ser det bidreg fokuset på og framheving av miljøterapi som ein viktig metode i utgreiinga, til at barna sine utfordringar og helseproblem ikkje vert redusert til individuelle problem, noko me meiner er veldig viktig. Me meiner samstundes at miljøterapi i utgreiinga er framstilt som ein svært avgrensa metode, og at dei tilsette sin kompetanse som er kopla til miljøterapi i utgreiinga òg er for avgrensa framstilt. I barnevernspedagogutdanninga inngår kunnskap om miljøterapi som ein del av den barnevernsfaglege kompetanse – noko som kjem fram i dei nasjonale retningslinjene om barnevernspedagogutdanning, §4 om Barnevernsfaglig kompetanse, punkt h) har kunnskap om ulike pedagogiske metoder og tiltak innenfor miljøterapeutisk og annet barnevernsfaglig arbeid. I tillegg har både bachelor i barnevern og i sosialt arbeid læringsbyte (jf. dei nasjonale retningslinjene til utdanningane) knytt til kommunikasjon og samhandling, medverknad og endringsarbeid, som er svært relevante innan miljøterapi. Grunnleggande kompetanse Det vert i utgreiinga påpeika at grunnutdanningane i dag ikkje gir god nok kompetanse i miljøterapi, men det kjem ikkje klart fram av utgreiinga kva som eventuelt manglar i utdanningane. Det kjem heller ikkje klart fram i utgreiinga om kompetansemangel i institusjonane er knytt til at mange er ufaglærte, eller om det gjeld manglar ved relevante bachelorutdanningar. Me er samde i at barnevernsinstitusjonane sine behov for kvalifisert personale må speglast av i tilbodet som vert gjeve i relevante bachelorutdanningar, og ser det som alvorleg dersom den eksisterande barnevernspedagogutdanninga ikkje tilfredsstiller krava eller behovet for grunnleggande kompetanse i barnevernsinstitusjon, slik utgreiinga framstiller det. Som utdanningsinstitusjon er det viktig for oss å medverke til å skape klarheit i forståing av omgrepet miljøterapi og gje bachelorstudentar grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i korleis utøve miljøterapi. Opplæring ved den enkelte arbeidsstad /institusjon er likevel viktig. Forslag til endring i Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernpedagogutdanning, som er ute på høyring i desse dagar, har ikkje endra læringsutbyta som er knytt til miljøterapi. Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"