Kinn Utdannings- og Ressurssenter (KURS KF) set pris på høve til å gje innspel på forslag til mellombelse endringar i integreringsforskrifta. KURS KF er eit kommunalt føretak med lang erfaring med å levere introduksjonsprogram, vaksenopplæring og andre integreringstiltak til asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar i Kinn kommune.
Basert på røynslene vi har gjort oss i 2022-2023, tidlegare innspel frå ukrainske arbeidsinnvandrarar i kommunen, og informasjon som er formidla i ulike nettverk for arbeid med busetjing av flyktningar i kommunane, merkar KURS KF følgjande:
Raskt ut i arbeid: KURS KF er einige i at arbeid er ei viktig målsetjing i introduksjonsprogrammet. Konkretisering og skjerping av krav til arbeidsretta element bør gjennomførast på ein måte som gjev kommunane betre høve til å møte krava, og flyktningane auka sjanse til å nå måla. Eventuelle minstekrav til arbeidsretta element bør t.d. ikkje legge føringar for innhald som kommunane ikkje har rådevelde over (tal tilgjengelege arbeidspraksisar eller –stillingar). Dersom behov for endringar i forskrifta kjem av at føresetnadene for å gje eit meir utfyllande program ikkje er til stades, bør ein sjå på kva som skal til for å endre desse heller enn å stramme inn krav som allereie ikkje fungerer.
Utdanningsnivå: Sjølv om ein har god utdanning, og tidlegare har hatt gode føresetnader for læring, vil tvungen migrasjon for dei aller fleste føre til at ein treng tid til å ta til seg ny kunnskap, det vere seg språk, kultur og samfunnssystem.
Mange ukrainarar som kjem har låge engelskkunnskapar, og har manglande samsvar mellom utdanning og arbeidserfaring. For mange vert det difor meir utfordrande å kome i fast arbeid.
Flyktningane som kjem frå Ukraina no er yngre, eldre, og ofte sjukare enn dei som først tok seg ut av landet. Stort sett er det dei mest ressurssterke som klarer å flykte tidleg, medan dei som kjem seinare gjerne er svakare stilt. Dei av desse som framleis kvalifiserer til korte programforløp vil dermed truleg ha dårlegare føresetnader for å lukkast med å fullføre innan tida, og nå målet om å kome i arbeid.
- om kravet bør angis som et konkret timeantall, som en viss andel av programtiden eller en kombinasjon
Om det skal innførast minstekrav om arbeidsretta innhald i introduksjonsprogrammet, må dette definerast som prosent/del av programtida. Alternativt krav om timetal vil i praksis gjere det vanskeleg for kommunane å kunne gje tilbod om program i deltid ved manglande kapasitet, ettersom minimum timetal vil legge føringar for omfanget av tilbodet.
- om det bør fremgå eksplisitt at minstekravet bare kan oppfylles ved praksis på en arbeidsplass, arbeid på deltid, arbeidsmarkedstiltak i regi av NAV eller korte yrkes- og bransjekurs
Det er ikkje rimeleg å pålegge krav om korleis minstekravet kan oppfyllast; kvar kommune må ha høve til å tilpasse tilbodet sitt på ein måte som kan føre til måloppnåing.
Slik introduksjonsprogrammet er bygd opp, er det rom for å auke arbeidsretta innhald gjennom å legge til samfunnskunnskap og livsmeistring med fokus på ferdigheiter som skal til for å kunne søke og få jobb, og fungere i norsk arbeidsliv og samfunn over tid.
Tal flyktningar til busetting fører ikkje med seg auke i tal arbeidsplassar i kommunane som tek imot, og gjev heller ikkje auka kompetanse og kapasitet verken i NAV eller lokale bedrifter til arbeidsmarknadstiltak eller praksis.
- om kravet bør gjelde fra første dag i program eller om det først bør gjøres gjeldende fra den tredje måneden i programmet
Arbeidsretta kursinnhald som t.d. livsmeistring og samfunnskunnskap kan leggast til rette for frå første dag i programmet.
Krav til praksis eller anna innhald som krev arbeidsplass eller arbeidsmarknadstiltak i NAV ser vi som uråd både å gjennomføre og setje tidsfrist på, ettersom kommunane ikkje kontrollerer arbeidsmarknaden.
Auka grad av samarbeid mellom tilbydarane av programinnhaldet, der NAV er aktivt involvert frå første dag med arbeidsretta kursinnhald kan også legge til rette for betra arbeidsretting. Det krev at NAV vert tilført nok ressursar i form av personell og verkemidlar.
- om høringsinstansene har kapasitet og personell til å følge opp kravet
Nei. Sjå utfyllande kommentar til Høyringsnotat punkt 5.
Auka krav til arbeidsretta innhald i programmet vil føre til høgare krav til kapasitet og personell med kompetanse som er vanskeleg tilgjengeleg i svært mange kommunar.
Det er eit paradoks dersom mangel på ferdigheiter som kvalifiserer til arbeid/praksis også skal diskvalifisere til forlenging av introduksjonsprogrammet.
Ei styrking av introduksjonsprogrammet, med betra høve for at kommunane i større grad kan tilby fulltidsprogram med utvida tid og fokus på arbeidsretta kursinnhald, vil kunne vere med å legge til rette for at fleire vil nå målet om å kome i arbeid.
For at flest mogeleg skal nå målet om arbeid med høg nok inntekt til å sørge for eige livsopphald, bør retten til introduksjonsprogram på deltid styrkast heller enn svekkast i forskrift og lovverk.
KURS KF forstår bakgrunnen for forslaget om høve til å avslå krav om deltaking i introduksjonsprogrammet for personar som har jobb. Om forslaget skal forskriftsfestast, må det likevel gå tydeleg fram korleis ein definerer «tilnærmet fulltid», og om forslaget gjeld både arbeid i fast og mellombels stilling, inkludert sesongarbeid.
Dersom introduksjonsprogrammet vil auke sjansen for at personen kan få varig arbeid og høve til å sørge for vidare livsopphald, bør høvet til å gje tilpassa deltaking på deltid stå sterkare enn høvet til å avslå krav.
Erfaringane våre frå organisering av integreringstilbodet for å sikre eit heilskapleg tilbod til deltakarane, er at flyktningar både med og utan mellombels kollektiv beskyttelse treng tid til å gjennomføre introduksjonsprogrammet for å kome seg i arbeid. Mange flyktningar utan kollektiv beskyttelse har store behov for å få tilrettelagt deltaking i introduksjonsprogrammet på deltid.
KURS KF vonar AID vil ta høyringssvara frå kommunar og andre instansar til følgje, slik at eventuelle endringar i lover og forskrifter kan bidra til kostnadseffektiv organisering av tilboda for både flyktningane og lokalsamfunna dei skal bu i.
Kostnadseffekt: departementet vurderer at endringsforslaga samla ikkje vil innebere vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
KURS KF er uroleg for at departementet feilbereknar kva ressursar som trengs for at fleire flyktningar skal få innpass og kvalifisere til arbeidslivet. Opplevinga vår er at arbeidsgjevarar ikkje har naudsynt kompetanse eller kapasitet til å sysselsetje menneske utan funksjonell språkkompetanse. For å kvalifisere til høgre utdanning i Noreg, er det krav om B2 i alle delferdigheiter i norsk, eit krav som ingen av våre deltakarar har klart å nå innan dei er ferdige i introduksjonsprogrammet. Sjølv om ein kanskje kan klare seg med lågare språknivå i enkelte yrke, vil risikoen for å få tilsette som ikkje forstår eller kan kommunisere etter behov vere ei utfordring for miljø og sikkerheit på mange arbeidsplassar.
Om endringane vert innført som foreslått, vil dei føre til større kostnader til opplæring, rettleiing og oppfølging for at flest mogeleg skal kvalifisere til arbeid. Utan slik tilrettelegging vi deltakarane mislukkast med å nå målet i introduksjonsprogrammet, og trenge sosialstønad vidare. Samfunnsøkonomisk vil dette føre til meirbelastning på andre sosiale system.
Det har ikkje vore mangel på vilje eller innsats frå kommunane til å busetje, eller arbeidsgjevarane til å tilsetje menneske med mellombels kollektiv beskyttelse. Det betyr likevel ikkje at kommunar og arbeidsliv har nok ressursar til å møte stadig aukande krav til sysselsetjing. KURS KF vonar at AID vil vurdere forskriftsendringane i høve kva som vil gje best kostnadseffekt, slik at flyktningane kan opplevast å vere ressursar for lokalsamfunna dei skal vere ein del av, og ikkje som ei byrde.