🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til midlertidige endringer i integreringsforskriften (økt arbei...

Ål kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høringssvar frå Ål kommune til forslag til midlertidige endringer i integreringsforskriften (økt arbeidsretting av introduksjonsprogrammet):

1) Departementet ber om høringsinstansenes innspill på om kravet bør angis som et konkret timeantall, som en viss andel av programtiden eller en kombinasjon:

Ål kommune meiner kravet bør bli angitt som eit konkret timetal. Det gjer det tydeleg kva som forventast av deltakarane. 15 timer i veka passar med to dagar med arbeidsretta element. Viss kravet er på 50 % av programtid vil det oppstå spørsmål om kva det betyr i praksis. Det er også krevjande for kommunen å administrere viss det blir snakk om halve dagar. Kravet er eit minstekrav, så det er fullt mogleg å legge inn meir enn 15 timars arbeidsretta element for deltakarar der det er mogleg og ønskeleg. 2) Departementet ber om høringsinstansenes innspill på om det bør fremgå eksplisitt at minstekravet bare kan oppfylles ved praksis på en arbeidsplass, arbeid på deltid, arbeidsmarkedstiltak i regi av NAV eller korte yrkes- og bransjekurs. Departementet ønsker også innspill på om det er andre arbeidsrettede elementer som bør være med i listen.

Det er fint at det blir tydeleggjort og konkretisert kva som meinast med arbeidsretta element.

Ål kommune ønsker at karriererettleiing, kurs i karrierekompetanse, deltaking i mentorprogram m.m. kan inngå som arbeidsretta element.

Med denne forskriftsendringa vil fleire deltakarar måtte gå ut i ein jobb dei kanskje er overkvalifiserte eller ikkje så motiverte for. Det er positivt å komme raskt ut i jobb, og den første jobben er ofte eit springbrett for neste jobb. Ved å vere i jobb lærer du norsk, du blir kjent med norsk arbeidsliv, bygger eit nettverk og kan få verdifulle referansar. Ål kommune meiner samtidig at vi også må sjå til deltakaranes medbrakte kompetanse, og at vi parallelt med det kortsiktige fokuset om å komme raskt ut i ein kva som helst jobb også bør ha eit meir langsiktig fokus på deltakaranes vegne. Vi meiner det er samfunnsøkonomisk viktig å nytte den kompetansen flyktningane har med seg, og at vi bør jobbe med to spor samtidig, særskilt for dei som har andre ambisjonar og mål. Det er heller ikkje bra for det norske arbeidslivet om arbeidsplassar utan krav til kompetanse blir fylt opp av deltakarar med høg kompetanse. Det vil medføre at det også blir vanskelegare for dei som ikkje har formell kompetanse. Vi er medvetne om at framtida i Noreg for deltakarar med mellombels kollektivt opphaldsløyve er uavklart, men vi meiner at det ikkje er til hinder for å kunne ha eit meir langsiktig fokus også. Alle har behov for å kjenne meistring og å bli sett. Difor meiner Ål kommune at tiltak knytt til karrierekompetanse og karriererettleiing bør kunne inngå som arbeidsretta element i introduksjonsprogrammet. Ål kommune ønsker vidare at eigne kommunale kurs og undervisningsopplegg der arbeid er tema kan inngå som arbeidsretta element. Det kan bli ei utfordring for kommunane å finne nok praksisplassar, særskilt til elevar med låg progresjon, helsemessige utfordringar m.m. Viss kommunale kurs og undervisningsopplegg kan inngå som arbeidsretta element vil det gi kommunen meir fleksibilitet når det gjeld deltakarar som ikkje er heilt klare til ordinært arbeidsliv. NAVs arbeidsmarknadstiltak er også ein moglegheit for denne gruppa, men vi ser at det ofte både er mangel på og lang ventetid på tiltaksplassar. 3) Departementet ber om høringsinstansenes innspill på om kravet bør gjelde fra første dag i program eller om det først bør gjøres gjeldende fra den tredje måneden i programmet. Ål kommune meiner kravet bør gjerast gjeldande frå den tredje månaden i programmet. Det er positivt at det er ei forventing om at arbeidsretta element skal inngå så snart som mogleg, men det er ikkje realistisk at dette skal vere eit krav for alle frå dag ein. Nokre arbeidsgivarar stiller til dømes krav til eit visst språknivå innan oppstart i praksis.

Ved at kravet er gjeldande frå den tredje månaden gir det moglegheit for meir individuell tilpassing av programmet. Alle deltakarar er ulike og programmet skal leggast til rette for den einskilde. Nokre har behov for meir norskopplæring eller meir tid til å førebu seg på å komme ut i norsk arbeidsliv enn andre.

Det stiller også store krav til arbeidsgivarar viss dei skal ta imot deltakarar frå dag ein. Kommunen er avhengig av gode relasjonar med arbeidsgivarar og då er det ikkje hensiktsmessig å legge for mykje press på å ta imot for tidleg. Vi ser ofte at praksis er ein veg ut i jobb, men det krev også tett oppfølging. Vi trur på at vi får betre resultat når vi får bruke tid på å førebu deltakarane på det norske arbeidslivet og vi har moglegheit til fleksibilitet i møte med arbeidsgivarar.

4) Departementet ber om høringsinstansenes innspill på om høringsinstansene har kapasitet og personell til å følge opp kravet

Det blir truleg ei utfordring å finne nok praksisplassar. Det blir stilt krav til kommunen som kommunen ikkje kan løyse sjølve. Tett oppfølging av deltakarar og arbeidsgivarar er avgjerande. Det vil bli krevjande kapasitetsmessig. Samtidig gir dette ein moglegheit til å sjå på ressursbruken internt. Når deltakarar skal meir ut i jobb/praksis og dermed ha mindre formell norskopplæring kan til dømes ressursar frå vaksenopplæring nyttast meir opp mot arbeidsoppfølging

- Forlengelse av introduksjonsprogrammet. For å sikre at et ev. forlenget program bringer deltakeren enda nærmere arbeidslivet, foreslås det at program med sluttmål om arbeid etter integreringsloven § 37 c andre ledd, bare kan forlenges dersom deltidsarbeid eller arbeidspraksis utgjør minst 50 % av den forlengede programtiden.

Ål kommune har ei bekymring for deltakarar som treng meir tid og tilrettelegging viss dette strammast inn. Det kan vere ulike grunnar til at deltakarar ikkje er i deltidsjobb eller praksis i introduksjonsprogrammet – og nokre gonger er det nettopp desse deltakarane som har behov for ei forlenging av introduksjonsprogrammet. Det er snakk om menneske som har flykta frå krig og som skal starte på nytt i eit nytt land. For nokre tek det lenger tid enn for andre å tilpasse seg til ein ny kvardag. Kommunen bør ha handlingsrom til å avgjere kven som skal få forlenga program og kva som trengs for å kvalifisere seg til norsk arbeidsliv. Vi er bekymra for kva som vil skje med dei svakaste deltakrane viss dette kravet blir innført.

5) Deltidsprogram og mulighet for kommunen til å avslå program

Det er et sterkt kapasitetspress på kommunane med høgt tal av busettingar. Alt tyder på at dette vil halde fram også i 2024. Ved å gi moglegheit til å avslå deltaking i deltidsprogram, vil dette bidra til ei meir hensiktsmessig organisering og utvikling av programmet i kommunane. En forskriftfesting av dette vurderast å være fornuftig. Vi støtter at kommunen kan avslå introduksjonsprogram for dei som har jobb eller tilbod om jobb. Dette bør vere ein kan-bestemming og ikkje ei skal-bestemming

6) Økonomiske og administrative konsekvenser

Ved å stramme inn på rammene for introduksjonsprogrammet må ein forvente at fleire har behov for å søke om økonomisk sosialhjelp frå NAV. Det vil legge meir arbeid over på NAV-kontora med tanke på oppfølging av deltakarar ut i jobb

Andre innspel - Ål kommune stiller seg positivt til tanken om auka arbeidsretting av introduksjonsprogrammet

- Som nemnd i punkt 4 har Ål kommune ei bekymring for deltakarar med psykiske og/eller fysiske helseutfordringar, eldre deltakarar, deltakarar med låg progresjon og motivasjon osb. Dette er ein modell som passar godt for deltakarar med motivasjon, god progresjon i norskopplæringa og god helse. Kommunen må også ha handlingsrom til å kunne ta hensyn til den einskildes nivå og situasjon og til å gjere individuelle vurderingar/tilpassingar for deltakarar som havnar «utanfor boksen». Alle er menneske og alle er ulike. Forslaget tek lite hensyn til dette.

- Forslaget forutset tett og tidleg samarbeid med NAV. Det er ønskeleg at NAVs rolle og ansvar er tydelegare definert i forskrifta.

- Kva for konsekvensar får det for deltakaren viss det ikkje er mogleg å finne praksisplass 15 timer i veka? Skal deltakaren «straffast» viss det ikkje er mogleg for kommunen å finne praksisplass innan for tidsfristen?

- Det er ønskeleg med ei presisering av kva som skjer viss deltakaren ikkje vil ta i mot praksisplassen kommunen tilbyr. Viss dette er grunn til å avslutte program bør det tydeleggjerast.

- Når er det tenkt at forskriftsendringane skal tre i kraft? Gjeld det for deltakarar som startar introduksjonsprogrammet etter denne datoen, eller har det tilbakeverkande kraft? Vil det vere ei overgangsordning? Vi ønsker ei presisering av dette.