🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – forslag til midlertidig endring i utlendingsloven (beredskapshjemmel fo...

Fitjar Framstegsparti

Departement: Familiedepartementet
Dato: 22.11.2023 Svartype: Med merknad Høyringsuttale frå Fitjar FrP – forslag til mellombels endring i utlendingslova. Samandrag: Justis- og beredskapsdepartementet foreslår mellombels beredskapsbestemming i utlendingslova § 95 a, som inneber at statsforvaltar, i ein krisesituasjon der talet på asylsøkjarar er ekstraordinært høgt, kan pålegge kommunar å etablere og drifte eit mellombels innkvarteringstilbod til asylsøkjarar. Ei evt. endring er føreslått oppheva seinast 1. juli 2025. Høyringsfrist er 05.12.2023 Fitjar Framstegsparti leverer med dette høyringssvar i ein sak der det er føreslått ei midlertidig endring i utlendingslova – beredskapshøve for å kunne påleggje kommunar å etablere og drive eit midlertidig innkvarteringstilbod til asylsøkjarar m.m. Fitjar Framstegsparti meiner at departementet sitt forslag, som gir statsforvaltaren ei forskriftshøve til å påleggje kommunane å etablere og drive eit midlertidig innkvarteringstilbod, vil vere svært inngripande, sjølv om dette skjer i ei krisesituasjon med ekstraordinært høge ankomstar av asylsøkjarar. Eit slik forskriftshøve vil vere eit stort inngrep i det kommunale sjølvstyret. Fitjar Framstegsparti meiner at eit innkvarteringstilbod for asylsøkjarar heller bør skje gjennom frivilligheit og dialog, ikkje ved at statsforvaltaren skal kunne overkøyre det kommunale sjølvstyret. Forslaget frå departementet legg opp til at kommunen heller ikkje får klageadgang over statsforvaltaren sitt pålegg. Fitjar Framstegsparti meiner det er negativt at kommunen ikkje kan klage på eit slikt pålegg, og at det bidrar til å utfordre det kommunale sjølvstyret. Kommunane har ansvaret for å levere viktige tenester som påverkar mange menneske. Det vil difor vere gale om kommunane i tillegg skal bli pålagt å starte og drive asylmottak. Om statsforvaltaren pålegg kommunen å drive eit innkvarteringstilbod, vil dette kunne gå ut over andre velferdstenester. Fitjar Framstegsparti viser til at fleire asylsøkjarar truleg kan busettast ved at staten bevilger meir pengar til utleigebustader. Fitjar Framstegsparti er negativ til at statsforvaltaren etter lovforslaget kan utøve rekvireringsrett for fast eigedom. Eit slikt kraftig inngrep vil kunne bidra til at innbyggjarane mistar tilgangen til anlegg som er viktige i deira kvardag, og det vil kunne svekkje kommunen si tenestetilbod. Lovforslaget opnar også for at folk sine heimar, hyblar, utleigebustader også kan bli rekvirerte ved situasjonar med særleg høge ankomsttal. Dette er ei inngripen i eigedomsretten som Fitjar Framstegsparti ikkje kan akseptere, og vi fryktar òg at dette med rette vil føre til sterk folkeleg motstand og konflikt. Fitjar Framstegsparti støttar difor ingen av forslaga i høyringa. Det er staten og ikkje kommunane som avgjer kor mange asylsøkjarar som får kome til Norge. Staten må difor ta ansvaret, ikkje skyve det på kommunane. Innkvarteringstilbod skal skje gjennom dialog og frivilligheit, ikkje gjennom tvang og pålegg. 22.11.2023 For Fitjar FrP, Sigurd Andre Maraas Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"