Undervisningskonsesjonar Austevoll og Bømlo
Å fjerna ei ordning som fungerer slik den er tiltenkt, og som gjev elevane stor auke i kunnskapen og forståinga for det praktiske arbeidet innan akvakultur, vert å gå i heilt feil retning.
Utvalet forutset at tilstrekkeleg finansiering frå fylka skal vidareførast ved avvikling av undervisningskonsesjonen. Dette veit me vert vanskeleg for fylka å gjennomføra og konsekvensen vil då bli at me står utan ein fast, detaljert samarbeidsavtale med næringslivet og at me må tilbake til å be fint, kvar gong me skal ha elevar ut i praksis. Det største tapet vårt vil då bli at elevane går glipp av god og relevant praktisk opplæring ute på merdkanten. Viktigast av alt er at desse undervisningskonsesjonane er med på å gjera ungdomane interesserte i næringa og på den måten rekruttera framtidig arbeidskraft.

Visningskonsesjon i Fitjar kommune
Fitjar kommune ser med stor uro på at ordninga med visningskonsesjonar vil kunna bli avvikla. Dette har vore av stor betydning både for Engesund fiskeoppdrett og Fitjar kommune. Gjennom denne ordninga har ein verkeleg sett oppdrettsnæringa på kartet.
Desse faktorane har stor verdi for heile næringa og ikkje minst lokale og nasjonale interesser.
Når ein i tillegg veit at Noreg vil eksportera sjømat for over 170 milliardar NOK i 2023 er det urovekkjande at utvalet vurderer å dra inn visningskonsesjonar som er med på å fremja forståinga for næringa.
Tvert imot vil Fitjar kommune ta til orde for ei styrking og ei presisering av ordninga med visningskonsesjonar, med strengt definerte formål og eit regelverk som er eigna til å etterleve og etterprøve. Mange aktørar har investert mykje i gode visningsfasilitetar, og nyttar ressursar på personell som er godt fagleg og pedagogisk kvalifisert til å imøtekome alle besøkjande sine spørsmål og innspel.
Ei inndraging av løyva til velfungerande og etablerte visningsanlegg, vil gå ut over reiseliv, tenesteyting og kunnskapsformidling lokalt og regionalt. Det vil ta verdien frå store investeringar som er gjort i anlegg, utstyr og tilrettelegging, og avskaffe kompetansearbeidsplassar i distrikta. For næringa vil det vere eit tilbakeslag i høve til den plikta ein har til å kommunisere med og informere samfunnet rundt oss.
I åra som kjem vil den teknologiske utviklinga i næringa gå vidare, og aktørar som sjølve teke del i dette skiftet vil vere dei næraste til å gje ei autentisk, relevant og oppdatert formidling av korleis den norske produksjonen av laks og aure går føre seg.
John Karsten Raunholm
Konstituert kommunedirektør