🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av Strømprisutvalgets rapport

Bygland kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 15.12.2023 Svartype: Med merknad Bygland kommune viser til høyringsbrev dagsett 12.10.23 om straumprisutvalets rapport «Balansekunst». Bygland er ein kommune i Agder fylke og ligg difor i prisområde NO2. Dette gjer at vi verkeleg har kjent på konsekvensane av dei høge straumprisane, og kor utfordrande dette har vore for innbyggarar, landbruk og næringsliv. Vi er òg ein vertskommune for vasskraft, og bidreg kvar einaste dag til at andre får tilgang på fornybar kraft. Det opplevast som eit paradoks at vi som er ein av dei største kraftproduserande regionane i landet òg har dei jamt over høgste straumprisane. Vi er ein av dei 160 medlemskommunane i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK), og stiller oss i det store og heile bak deira høyringsuttale. Bygland vurderer at utvalet har levert ein god og grundig rapport som gir god innsikt i kraftmarknaden og korleis denne fungerer. Vi vurderer vidare at ein av dei aller viktigaste faktorane for å sikre konkurransedyktige priser til norske forbrukarar er ein nasjonal politikk for sikre eit varig kraftoverskot. Det grøne skiftet inneber eit stort behov for enda meir produksjon av grøn energi, og fordrar enda meir utbygging av vasskraft, land-/havbasert vindkraft og solenergi. Det er av avgjerande betydning å få fortgang i arbeidet og då må dagens reguleringsregime utviklast slik at det kjem norske forbrukarar til gode. Bygland kommune vil støtte utvalets vurderingar omkring at det må vere nasjonale reguleringar som tek omsyn til natur og miljø, vårt kalde klima, og at tradisjonen om at våre naturbaserte energiressursar og verdiskapinga frå dei må tilhøyra fellesskapet, blir opprettheldt. Vi er einige i at det må vere mogleg i framtida å ha låge kraftprisar i Noreg, og her vil vi framheve tre argument. For det fyrste så har Noreg naturgitte fortrinn i omstillinga mot lågutsleppssamfunnet gjennom vår regulerbare vasskraft. Samanlikna med den uregulerbare krafta (vind, sol, m.a.), gir dette oss fordelar som må vidareførast og styrkast. For det andre så vil ein europeisk kraftmarknad med lik kraftpris slå særs uheldig ut for Noreg. På grunn av vårt klima har vi eit høgare forbruk av straum enn andre land i Europa. I og med at vi kan produsere rein, fornybar kraft – så bør våre naturgitte ulemper bli kompensert med lågare kraftprisar. For det tredje så har den norske industrihistoria vore ein viktig bidragsytar til at kraftkrevjande industri har blitt etablert i distrikta, nært kraftkjelda. Dette bør vidareførast og styrkast, for det er ute i distriktskommunane ein kan auke kraftproduksjonen. Difor må det vere mogleg å ha reguleringar som støttar opp under at det skal løne seg å etablere kraftkrevjande næring nært kraftkjelda. Bygland kommune støtter utvalets tilråding om at det må vurderast korleis ein kan arbeide for utvikling av framtidige løysingar som ivaretek behovet for forsyningssikkerheit og konkurransedyktigheit. Vi støtter òg LVK i at det kan vere naudsynt å sjå nærare på drifta av fleirårsmagasina og om denne er i tråd med intensjonen. Vi støtter at det bør vere straumstøtteordningar i sluttbrukarmarknaden og ikkje i engrosmarknaden. Vidare er det viktig å sikre ein god og aktiv omfordelingspolitikk slik at alle forbrukarar blir sikra tilgang til straum til ein fornuftig pris uavhengig av kor i landet ein bur. Som nemnt tidlegare, er Bygland ein kommune i prisområde NO2, og vi har levd med dei høge straumprisane sidan «straumkrisa» oppsto. Dette er korkje berekraftig eller akseptabelt, så her må det på plass raske løysingar som jamnar ut prisskilnadane. Det er eit stort behov for meir fornybar kraft og vi er einige i utvalets tilråding om at tidsbruken for konsesjonsprosessar må kortast ned. Det vil vere eit godt tiltak å sikre at utbyggingskommunane får dekka ekstra planressursar ved alle større konsesjonsprosessar for utbygging av produksjon eller større nett. og ikkje berre til regulering av vassdrag. Tidleg lokal involvering i konsesjonsprosessar er slik vi ser det eit suksesskriterium. Avslutningsvis vil vi poengtere kor viktig det er å setje nasjonalt trykk på at allereie gitte konsesjonar, men som ikkje er utbygd, blir utbygd i tråd med gitt konsesjon. Det er uheldig at kraftselskapa held igjen utbyggingar av skattemessige årsaker. Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"