Dato: 14.12.2023 Svartype: Med merknad Høringssvar til Strømprisutvalgets rapport Balansekunst Til: Regjeringa Frå: Hedmark Nei til EU v/ fylkesstyret v/ leiar Harald Dyrkorn Dato: 15. desember 2023 Hedmark Nei til EU sluttar seg til innhaldet i høyringssvaret frå Nei til EU. I tillegg knyter vi følgjande kortfatta oppsummering frå vår side: Rapporten Balansekunst er ein omfattande rapport der store delar av innhaldet konsentrerer seg om gjeldande politikk på det energipolitiske området generelt, og på prisfastsetjinga av energi og kraft spesielt. Rapporten er ikkje enkel lesing. Den er til dels svært teknisk, dette i seg sjølv gjer det vanskeleg for folk flest å forstå og setja seg inn i innhaldet. Dette gjeld spesielt det som omhandlar marknadselementet i fastsetjinga av kjøp, sal og prisfastsetjing. Samstundes viser nettopp denne delen av rapporten det absurde i saka, det at dette viktige området nær sagt er frikopla ei kvar politisk, nasjonal styring. Alt er overlate til marknaden, og i det ligg det og at Norge har vald å følgja den europeiske unionen sin politikk på området. Levering av kraft til husstandar og bedrifter burde ha vore eit infrastrukturelt gode, ikkje ei vare for fri omsetjing på lik linje med daglegvarer. Alle er avhengig e av straum, uavhengig av kvar i landet ein bur, om ein er privatperson eller bedrift. Både tilknytinga til den europeiske unionen sin politikk, og den totale aksepten av at marknaden styrer, fører til fråver av politisk styring og påverknad. Rapporten synest å gje full aksept for at det må ver e slik. Slik rapporten er utforma, vert ikkje dette aspektet diskutert eller vurdert. Dette ser vi som ein stor mangel ved rapporten. Måten Norge har knytt seg til EU og såleis har vald å følgja unionen sin politikk på svært mange samfunnsmessige område, er heller ikkje vigd nemneverdig plass. Det vert framstilt som at dette temaet ikkje skal vera gjenstand for diskusjon, dermed gjev heller ikkje rapporten svar på alternative måtar å handtera dei energipolitiske utfordringane. Rapporten har avgrensa verdi samstundes som den er i stadfesting av rådande politikk på området. Mandatet er ikkje oppfylt. Det må vera lov å undra seg over at ein så omfattande rapport som har kravd både tid og ressursar i utforminga, ikkje tar opp den store utfordringa som manglande kontroll og politisk styring på det energipolitiske området faktisk er. Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"